No får du sletta meir studielån i nord

Publisert: 12.01.2023
Vurderer du å flytte nordover? No kan du få sletta meir av studielånet om du bur og jobbar i Nord-Troms eller Finnmark.

Alle med studielån som bur og jobbar i Finnmark eller utvalde kommunar i Nord-Troms, kan få sletta delar av studielånet sitt. For å få sletta gjeld, må du ha budd og jobba i tiltakssona i 12 månader samanhengande.

Denne ordninga blir styrka frå nyttår. No kan dei som bur og jobbar i tiltakssona få sletta inntil 20 prosent av det opphavlege studielånet sitt kvart år, maksimalt 30 000 kroner. Tidlegare var det mogleg å få sletta 10 prosent og maks 25 000 kroner årleg.

Lærarar i grunnskolen kan få sletta 20 000 kroner i tillegg til dette.

– Dette kan bety ganske mykje pengar totalt. Du kan få sletta 30 000 kroner i året, og er du i tillegg lærar i grunnskolen, kan du få sletta 20 000 kroner på toppen av dette. Det betyr 50 000 kroner som blir sletta frå studielånet kvart år du bur og jobbar som lærar i tiltakssona, seier kommunikasjonsdirektør i Lånekassen, Anette Bjerke.

Så lenge du får sletta gjeld etter denne ordninga, treng du ikkje å betale avdrag på lånet.

– Du betaler berre renter. Det gjer at terminbeløpet blir vesentleg lågare enn det du elles ville betalt, seier Bjerke.

Lånekassen har også andre ordningar for sletting av gjeld for lærarar, blant anna for dei som har tatt realfag, framandspråk, samisk eller kvensk. Les meir om dette på våre nettsider.


Flest får sletta gjeld i Alta

Mellom 5 000 og 6 000 kundar får kvart år sletta gjeld fordi dei bur og jobbar i tiltakssona.
Litt over halvparten av dei som får sletta gjeld, har utdanning på bachelornivå. 28 prosent har masterutdanning, 4 prosent har fagskoleutdanning og 14 prosent har vidaregåande skole som høgaste utdanningsnivå.

I 2021 var det flest som fekk sletta gjeld i Alta (1566 personar), Hammerfest (702 personar) og Sør-Varanger (605 personar).

Må søke sjølv

Kundane må sjølv søke om å få sletta gjeld når dei har vore busette og yrkesaktive i tiltakssona i 12 månader samanhengande. Dei loggar inn på lanekassen.no for å søke.

Les meir om kva som gir rett til sletting av gjeld her.


Fakta: Her kan du få sletta gjeld

  •  Finnmark
  • Lyngen
  • Storfjord
  • Kåfjord
  • Skjervøy
  • Nordreisa
  • Karlsøy
  • Kvænangen
Dette kan bety ganske mykje pengar totalt. Du kan få sletta 30 000 kroner i året, og er du i tillegg lærar i grunnskolen, kan du få sletta 20 000 kroner på toppen av dette.
Anette Bjerke
Kommunikasjonsdirektør