Lånekassen med bukontroll

Publisert: 21.02.2024
Lånekassen gjennomfører no bokontroll blant studentar. Dei som er omfatta av kontrollen, skal dokumentere at dei var bortebuarar i 2023, slik dei oppgav då dei søkte om lån og stipend.

Alle studentar kan få basislån frå Lånekassen, og studentar som ikkje bur saman med foreldra sine, kan få delar av basislånet gjort om til stipend. Studentar som bur heime, får ikkje stipend.

– Alle som oppgir i søknaden om lån og stipend at dei er bortebuarar, må kunne dokumentere dette ved førespurnad. Vi ber no eit utval av dei som oppgav at dei var bortebuarar i 2023 om å dokumentere at dei budde borte frå foreldra sine, seier Anette Bjerke, kommunikasjonsdirektør i Lånekassen.

Lånekassen sender dei neste vekene ut e-post og SMS til dei som er omfatta. På Dine sider på lanekassen.no vil studentane få informasjon om kva slags dokumentasjon dei skal sende inn.

Lånekassen gjennomfører bukontroll for å førebygge at lån feilaktig blir omgjort til stipend:

– Vi er avhengige av korrekte opplysningar for å kunne fatte rette vedtak. Vi gjer bukontroll for å redusere risikoen for at studentar oppgir feil bustatus slik at vi tildeler stipend uriktig. Studentar som i kontrollen ikkje kan dokumentere at dei budde borte, vil ikkje få gjort om lån til stipend. Det kan også vere at ein mistar retten til vidare støtte, betalingsletter og sletting av gjeld.


Fakta:

  • Fulltidsstudentar kan studieåret 2023–2024 få 137 907 kroner i basislån. Inntil 55 163 kroner kan bli omgjort til stipend. For å ha rett til omgjering, må studentane bu borte, ha inntekt/formue under gitte beløpsgrenser og bestå utdanning.
  • I studieåret 2022–2023 tildelte Lånekassen 27,3 milliardar kroner i basislån.