Lånekassen gir ekstra støtte til vaksne som vil studere

Publisert: 15.04.2021
Er du vaksen og vurderer å ta vidareutdanning? Lånekassen tilbyr støtte til både unge og eldre studentar – og alle over 30 år kan få eit tilleggslån. Frå kommande studieår blir det også endå meir fleksibelt å vere deltidsstudent.

I dag går fristen for å søkje om studieplass gjennom Samordna opptak ut. Dei fleste som skal søkje om studieplass, er unge heiltidsstudentar. Men også fleire vaksne, med jobb, barn og bustad, vel å ta utdanning igjen – anten dei ønskjer å byggje på kompetanse dei allereie har, eller vil endre karriereveg. I tillegg til at vaksne kan søkje om same stipend og lån som andre studentar (som basislån, lån til skolepengar og barnestipend), har Lånekassen fleire nye ordningar som er spesielt eigna for vaksne som er i arbeid.

– Undersøkingar viser at økonomi er ei av årsakene til at mange ikkje vidareutdannar seg i vaksen alder. Det er derfor viktig med gode ordningar for denne målgruppa gjennom Lånekassen. Dei første nye ordningane kom i fjor haust, og frå kommande studieår blir det endå betre vilkår for dei som vil studere på deltid, seier Anette Bjerke, kommunikasjonsdirektør i Lånekassen.

20 000 studentar over 30 år fekk tilleggslån

Blant ordningane som kom hausten 2020, var tilbod om tilleggslån for alle over 30 år og støtte til dei som også studerer mindre enn 50 prosent deltid. Tilleggslånet er i inneverande studieår på inntil 100 000 kroner i studieåret, men inntil 200 000 kroner dersom utdanninga varer i flere år. Cirka 20 000 studentar over 30 år har fått tilleggslån dette studieåret, medan rundt 4 000 har fått støtte til utdanning på deltid som utgjer mindre enn 50 prosent av fulltid. Om lag ein tredel av desse valde studium på 33 prosent av fulltidsutdanning.

– No har vi hatt desse nye ordningane i berre eitt studieår, så det er for tidleg å sjå tydelege effektar. Det blir spennande å sjå om større fleksibilitet til deltid og tilleggslån til alle over 30 år, på sikt får fleire til å velje å satse på utdanning, anten det er å fullføre vidaregåande opplæring eller søkje universitet, høgskole eller fagskole, seier Bjerke.

Lettare å vere deltidsstudent

Frå kommande haust blir også regelen om at studentar kan få lån og stipend i maks åtte år endra, uavhengig av om dei har studert på deltid eller fulltid. Den nye grensa er på 480 studiepoeng. Det er det same som fulltidsstudium i åtte år. På den måten kan deltidsstudentar få lån og stipend over lengre tid enn åtte år. For eksempel kan ein som vel å studere 50 prosent deltid, få lån og stipend frå Lånekassen i 16 år.

Frå starten av mai kan studentar søkje om lån og stipend for neste studieår. Du må ha fått stadfesta studieplass før du kan søkje om støtte frå Lånekassen.

For full oversikt over kor mykje du kan få som stipend og lån frå Lånekassen, sjå lanekassen.no her.

Fakta:

Hausten 2020 kom desse ordningane for vaksne gjennom Lånekassen:

  • tilleggslån til studentar over 30 år på opptil 100 000 kroner for kvart studieår og 200 000 kroner totalt (sats inneverande studieår)
  • tilleggslån for dei som er 18 år eller eldre og har barn under 16 år, på inntil 50 000 kroner per studieår og 100 000 kroner totalt (sats inneverende studieår)
  • høve til å søkje om lån til ein er 50 år utan at beløpet blir redusert, mot 45 år tidlegare. I tillegg blir aldersgrensa for når lånet må vere tilbakebetalt, heva frå 65 år til 70 år
  • fjerning av kravet om at ein må studere minst 50 prosent av ei fulltidsutdanning for å få støtte. Det betyr at ein også kan få støtte om ein for eksempel studerer 20 prosent ved sidan av jobb.

Endring frå hausten 2021:

Regelen om at studentar kan få lån og stipend i maks åtte år, uavhengig av om dei har studert på deltid eller fulltid, blir endra. Alle studentar kan få lån og stipend til ei utdanning som tilsvarer åtte år på fulltid, men dei kan sjølv velje korleis dei vil disponere tidsramma. Det betyr at dei som f.eks. vel å studere 50 prosent deltid, kan få lån og stipend frå Lånekassen i 16 år.

Anette Bjerke, kommunikasjonsdirektør. Foto.