Forslag til statsbudsjett 2022

Publisert: 12.10.2021
I dag la regjeringa fram sitt forslag til statsbudsjett for 2022. Her kan du lese om forslag som er viktige for kundar i Lånekassen.

Forslaget skal bli behandla i Stortinget og blir eventuelt vedtatt i desember. Dersom budsjettet blir vedtatt, vil dei fleste endringane gjelde frå og med studieåret 2022-2023.

Nytt stipend for utvekslingsstudentar

Eitt av måla til regjeringa er at halvparten av alle studentar i høgare norsk utdanning skal gjennomføre delar av utdanninga si i utlandet. Dette for å sikre norsk arbeidsliv kompetanse på andre språk og land, og for å styrke samarbeidet Noreg har med fleire land. Dette kan du lese meir om i stortingsmeldinga En verden av muligheter – Internasjonal studentmobilitet i høyere utdanning (regjeringen.no). Eitt av verkemidla for å oppnå dette er å innføre eit nytt stipend for studentar som drar på utveksling til Brasil, India, Kina, Japan, Russland, Sør-Afrika og Sør-Korea.

Forslaget er at desse studentane kan få 2 500 kroner ekstra i stipend kvar månad i inntil ti månader frå og med studieåret 2022-2023.

For å finansiere det nye stipendet er det foreslått å redusere mengda lærestader i utlandet som gir rett til utvida stipend til skolepengar frå Lånekassen.

Studentar som har begynt på ei utdanning med rett til utvida stipend til skolepengar før studieåret 2022–2023, blir ikkje påverka av forslaget. Desse studentane vil ha rett til å fullføre utdanninga med utvida stipend sjølv om lærestaden ikkje lenger blir omfatta av denne ordninga.

Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling (Diku) har publisert lista over lærestader som blir påverka dersom forslaget blir vedtatt. Denne lista finn du her (diku.no).

Endringar i kva land du kan studere helse- og veterinærutdanning med støtte

I dag er det avgrensa kva land du kan studere medisin med rett til lån og stipend frå Lånekassen. Frå og med studieåret 2022-2023 er det foreslått at dette også skal gjelde for andre helsefaglege utdanningar, som tannlege, jordmor, provisorfarmasøyt og sjukepleiar i tillegg til veterinærmedisinutdanning.

Dette er fordi alle desse yrka krev autorisasjon for å praktisere yrket i Noreg. For at desse studentane skal ha ein garanti for å kunne kvalifisere for desse jobbane etter fullført utdanning, er det viktig at den same utdanninga dei tar i utlandet er jamngod med den vi tilbyr ved norske lærestader.

Dette forslaget betyr at studentar innan desse studieretningane vil kunne studere med lån og stipend frå Lånekassen i alle EØS-land i tillegg til Sveits, Storbritannia, USA, Australia, New Zealand og Canada. Studentar som er i gang med ei helsefagleg utdanning eller ei veterinærmedisinutdanning i eit anna land, som fra og med hausten 2022 ikkje lenger vil gi rett til lån og stipend, vil ha rett til å fullføre denne utdanninga med lån og stipend frå Lånekassen.


Endring for studentar som får dagpengar

Grensa for behovsprøving av stipend for studentar som får dagpengar, er i dag den same som for studentar som har person- og kapitalinntekt (199 591 kr for 2022). Regjeringa foreslår å senke denne grensa for studentar som får dagpengar og som tar høgare utdanning.

Om forslaget blir vedtatt betyr det at grensa for behovsprøving for studentar som får dagpengar og tar høgare utdanning, blir den same som for studentar som får andre trygdeytingar (106 793 kr for 2022). Endringa skal gjelde frå og med 1. januar 2022.


Forenkling for utanlandske statsborgarar

Regjeringa foreslår å forenkle reglane for utanlandske statsborgarar. Søkarar med permanent opphald i Noreg skal ha rett til lån og stipend uavhengig av grunnlaget for det permanente opphaldsløyvet.

I dag har du rett til lån og stipend om du har hatt fulltidsarbeid, opphaldsløyve som arbeidstakar, budd i og betalt skatt til Noreg i ein oppteningsperiode på minst to år. Oppteningstida på to år skal vere samanhengande og like før perioden med lån og stipend. Regjeringa foreslår å innføre eit unntak frå kravet om at oppteningstida må vere tatt samanhengande og like før perioden med lån og stipend. Unntaket går ut på at det kan vere eit opphald på inntil eitt år på grunn av sjukdom og fødsel.

For personar som har rett til lån og stipend på grunn av tidlegare gjennomført utdanning i Noreg, foreslår regjeringa å presisere at søkarane skal ha vore busett i Noreg i oppteningstida.


Endring for studentar som avbryt utdanning på grunn av sjukdom

Ein student som avbryt utdanninga, mister retten til lån og stipend frå det tidspunktet utdanninga blir avbrote. Dette gjeld òg søkarar som blir sjuke. Ein student som avbryt utdanninga etter at lån og stipend er utbetalt, kan få behalde det lånet og stipendet som er gitt inntil det tidspunktet utdanninga blir avbroten. Ein student som avbryt før lån og stipend er utbetalt, får utbetalt lån og stipend fram til tidspunktet for avbrott, men berre dersom utdanninga har vart i minst tre månader før utdanninga blir avbroten.

Regjeringa foreslår å gjere unntak frå kravet om tre månaders varigheit dersom studenten må avbryte utdanninga på grunn av sjukdom. Forslaget går ut på at studentar som blir sjuke, skal få behalde eller få utbetalt lån og stipend fram til tidspunktet for avbrot, uavhengig av kor lenge utdanninga har vart.


Satsar for lån og stipend blir prisjustert

Regjeringa foreslår at alle utdanningsstøttesatsar for studieåret 2022– 2023 blir prisjustert med to prosent.

 

I Støre-regjeringa sitt tilleggsnummer til statsbudsjettet for 2022 blei det ikkje foreslått endringar som påverkar desse forslaga.


På side 234-252 i dette dokumentet finn du alle forslaga i statsbudsjettet som handlar om Lånekassen (regjeringen.no).

Her kan du lese tilleggsnummer til statsbudsjettet for 2022 (regjeringen.no).