Flytande rente blir 5,032 prosent

Publisert: 09.01.2024
Flytande rente på studielånet går 1. mars opp med 0,267 prosentpoeng, til 5,032 prosent.

Rentene i Lånekassen er marknadsstyrte, og blir fastsette med utgangspunkt i gjennomsnittet av dei fem beste bustadlånsrentene. Frå dette snittet blir 0,15 prosentpoeng trekt frå, noko som gir Lånekassens renter.

Flytande rente som gjeld frå 1. mars er basert på marknadsrentene i november og desember.

777 500 av Lånekassens tilbakebetalere har flytande rente på studielånet sitt, medan 15 400 har fast rente.

Les meir om hvordan renta i Lånekassen blir fastsett.

På denne sida kan du følje renteutviklinga.