Flytende rente blir 4,765 prosent

Publisert: 10.11.2023
Flytande rente på studielånet går frå 1. januar opp med 0,346 prosentpoeng, til 4,765 prosent.

Dagens flytande rente i Lånekassen er 4,419 prosent. Frå 1. januar aukar ho til 4,765 prosent.


Etterslep i høve til bankane

Rentene i Lånekassen er marknadsstyrte, og blir fastsette med utgangspunkt i gjennomsnittet av dei fem beste bustadlånsrentene. Frå dette snittet blir 0,15 prosentpoeng trekt frå, noko som gir Lånekassens renter.

Lånekassen sine renter har eit etterslep til bankane sine renter, og endringa no skuldast i stor grad auka marknadsrenter basert på at styringsrenta blei sett opp både i august og september.


98 prosent av tilbakebetalarane har flytande rente

786 300 av Lånekassens tilbakebetalarar har i dag flytande rente på studielånet sitt, medan 16 000 har fast rente. Alle får flytande rente når dei begynner å betale på studielånet sitt, men dei som ønsker, kan velje å binde renta i tre, fem eller ti år.

Les meir om korleis renta i Lånekassen blir fastsett.
På denne sida kan du følge renteutviklinga.