Flytande rente i Lånekassen stig(3)

Publisert: 06.09.2023
Frå 1. november stig flytande rente på studielånet til 4,419 prosent. Det er ei auking på 0,471 prosentpoeng frå dagens rente.

Dagens rente er på 3,948 prosent.

Rentene i Lånekassen er marknadsstyrte, og blir fastsette med utgangspunkt i gjennomsnittet av dei fem beste bustadlånsrentene. Frå dette snittet blir 0,15 prosentpoeng trekt frå, noko som gir Lånekassens renter. For flytande rente er observasjonsperioden på to månader, med to månaders opphald før renta trer i kraft. For dei faste rentene er observasjonsperioden éin månad, med éin månads opphald før renta trer i kraft.

732 000 av Lånekassens tilbakebetalarar har i dag flytande rente, medan 16 900 har fast rente på studielånet.

Les meir om korleis renta i Lånekassen blir fastsett.
På denne sida kan du følge renteutviklinga.