Fleire har problem med å betale tilbake

Publisert: 19.04.2023
Fleire ber om betalingsutsetting, og antal purringar og rekningar som går til inkasso, aukar.

Alle som betaler på studielånet, kan utsette rekninga i 36 månader. I første kvartal 2023 søkte 146 000 kundar om minst éi betalingsutsetting, medan før koronapandemien var det i snitt 121 000 kundar i løpet av heile året som søkte om det.

– Vi ser at fleire kundar nyttar seg av moglegheita til å utsette betalinga, og kundane søker om fleire betalingsutsettingar når dei først søker, seier administrerande direktør Kjetil Moen i Lånekassen.

Framleis på «koronanivå»

Under pandemien var det mogleg å utsette betalinga utan å bruke av kvota på 36 betalingsutsettingar. Bruken av betalingsutsettingar auka betydeleg i denne perioden, og fortset å auke sjølv om ein no må bruke av kvota.

– Tiltaket med ekstra utsettingar blei innført på grunn av forventningar om høgare arbeidsløyse under pandemien. Etter at pandemien er over, kan prisvekst og auka renter vere grunnar til at mange vel å utsette betalinga, seier Moen.

Når ein utset betalinga, blir nedbetalingstida forlenga like lenge som ein har utsett. Ein må betale meir renter totalt, og terminbeløpet for resten av terminane blir litt høgare.

Fleire purringar og inkassosaker

Samstundes som fleire ber om betalingsutsetting, aukar også antal purringar og rekningar som går til inkasso.

– Både purringar og inkassovarsel har auka med 30 prosent første kvartal i år samanlikna med same periode i fjor. Samla teiknar dette eit bilete av at fleire har betalingsproblem og at det er vanskelegare økonomiske tider. Vi følger nøye med på utviklinga, seier Moen.

Søk sjølv på lanekassen.no

Lånekassen har fleire ordningar for kundar som har problem med å betale rekningane.

Du kan få sletta renter dersom du har låg inntekt, for eksempel på grunn av sjukdom eller arbeidsløyse. Om du får sletta renter, kan du også ha rett på betalingsutsetting i same periode.

Kundar som ikkje betaler rekningane og heller ikkje søker om utsettingar eller sletting av renter, vil etter kvart få lånet sitt oppsagt og overført til Statens innkrevingssentral. Det betyr at rekninga går til inkasso.

– Når lånet er oppsagt, blir det lagt til forseinkingsrenter på heile gjelda. Det betyr at beløpet du skuldar, aukar veldig raskt. Studielånet er eit godt lån, men det kan bli dyrt om du lar vere å betale. Derfor er det viktig å unngå at rekninga går til inkasso, seier Kjetil Moen.

Du kan søke om betalingsutsetting og sletting av renter på lanekassen.no.

 

Vi ser at fleire kundar nyttar seg av moglegheita til å utsette betalinga, og kundane søker om fleire betalingsutsettingar når dei først søker
Kjetil Moen
administrerande direktør