Fleire får over 1 million i studiegjeld

Publisert: 15.06.2023
Studentar som avslutta høgare utdanning i 2022, enda i snitt med 410 000 kroner i studiegjeld. Rundt 1 250 studentar avslutta med over 1 million kroner i gjeld.

Gjennomsnittsgjelda ved avslutta høgare utdanning aukar, viser tal frå Lånekassen. I 2022 var gjennomsnittleg gjeld etter avslutta utdanning 410 000 kroner. Det er ein auke på 10 000 kroner frå 2021. For ti år sidan var gjennomsnittsgjelda 321 000 kroner (målt i 2022-kroner).

– Det har vore ei gradvis utviding frå 10 til 11 månader studiestøtte, og det har komme fleire nye ordningar i Lånekassen dei seinare åra, slik som tilleggslån til studentar over 30 år og ekstraordinære lån i samband med koronapandemien. Alt dette bidrar til at alle kan ta utdanning, men det fører også til at den totale gjelda aukar, seier administrerande direktør i Lånekassen Kjetil Moen.

Han er opptatt av at kundane skal ha eit bevisst forhold til gjelda si, både under og etter utdanninga.

– I Noreg har vi ei av verdas beste studiefinansieringsordningar. Men det er viktig å hugse på at lånet skal betalast tilbake når ein er ferdig å studere. Vi er opptatt av at kundane våre skal ha eit bevisst forhold til si eiga gjeld. Dette er ekstra viktig no som vi er inne i ein periode med prisvekst og høgare renter, seier Moen.

Høgare gjeld for utanlandsstudentar

Dei som tar ein grad i utlandet, endar i snitt med høgare studiegjeld enn dei som studerer i Noreg. Hovudårsaka til dette er at mange utanlandsstudentar betaler skolepengar. Frå hausten 2017 fekk utanlandsstudentar moglegheita til å låne inntil 100 000 kroner meir for å dekke skolepengar ved spesielt dyre studiestader.

Gjennomsnittsgjelda ved avslutta høgare utdanning i Noreg var i fjor 389 000 kroner, medan tilsvarande tal for utanlandsstudentar var 684 000 kroner.

Fleire over 1 million

Når ein ikkje lenger får støtte til fulltidsutdanning frå Lånekassen, må ein begynne å betale ned på studielånet sitt. 109 000 kundar gjekk frå å få støtte til å bli tilbakebetalar i 2022.

1 250 kundar hadde over 1 million i gjeld då dei starta nedbetalinga. Tilsvarande tal året før var 900, medan i 2012 var det berre rundt 10 personar som hadde over 1 million i gjeld då dei avslutta utdanninga.

Dei fleste som får så høg gjeld, har studert i utlandet, men ein stadig større andel har berre studert i Noreg. I fjor hadde 27 prosent i denne gruppa berre studert i Noreg.

Sjekk kva studielånet vil koste deg

1,2 millionar nordmenn er i dag kundar i Lånekassen. Av desse er det rundt 770 000 som betaler på studielånet sitt no. Den månadlege rekninga for ein kunde med 1 million i gjeld med dagens renter er rett i overkant av 6000 kroner per månad. Rekninga for ein kunde med gjennomsnittsgjeld (410 000 kroner) er 2 500 kroner.

lanekassen.no kan du lese meir om tilbakebetaling av studielånet og sjekke kor mykje du må betale ved ulik lånesum og rentenivå.