Fastrentene i Lånekassen aukar

Publisert: 08.04.2022
1. mai stig fastrentene på studielånet med i gjennomsnitt 0,345 prosentpoeng. Det er den største fastrenteoppgangen i Lånekassen sidan november 2013.

Fastrentene som gjeld frå 1. mai vil vere:

  • 2,774 prosent for tre års binding (opp frå 2,403 prosent)
  • 2,901 prosent for fem års binding (opp frå 2,589 prosent)
  • 3,018 prosent for ti års binding (opp frå 2,667 prosent)

Differanse mellom fast og flytande på meir enn eitt prosentpoeng

– Det at fastrentene våre går opp no, heng saman med at marknadsrentene har gått opp. Renta i Lånekassen har eit etterslep, og det forklarer kvifor fastrentene på studielånet ikkje har auka like mykje som i marknaden elles den siste tida, seier Morten Rosenkvist, administrerande direktør i Lånekassen.

Rentene i Lånekassen er marknadsstyrte, og blir fastsette med utgangspunkt i gjennomsnittet av dei fem beste bustadlånsrentene. Frå dette snittet blir det trekt 0,15 prosentpoeng, som gir rentene i Lånekassen.

Tre års fastrente aukar mest – med 0,371 prosentpoeng.

Flytande rente frå 1. mai vil vere 1,667 prosent. Det betyr ein differanse mellom flytande rente og gjennomsnittet av fastrentene på 1,2 prosentpoeng. Sist det var ein så stor differanse var i april 2010.

Dei nye fastrentene er dei høgaste fastrentene sidan juli 2014.

Fleirtalet ønsker flytande rente

96 prosent av Lånekassens tilbakebetalarar har flytande rente på studielånet: 718 700 har flytande rente, medan 27 500 har fast rente.

Dei som ønsker å binde renta, kan gjere det i perioden 10.–17. april.

Les meir om korleis renta i Lånekassen blir fastsett og følg renteutviklinga her.