Fastrentene i Lånekassen går opp

Publisert 09.04.2024
Fastrentene i Lånekassen aukar frå 1. mai.


Fastrentene som gjeld frå 1. mai vil vere:

•    3 års bindingstid: 4,678 prosent (opp med 0,134 prosentpoeng)
•    5 års bindingstid: 4,525 prosent (opp med 0,182 prosentpoeng)
•    10 års bindingstid: 4,458 prosent (opp med 0,183 prosentpoeng)

Flytande rente som gjeld frå 1. mai er 5,128 prosent.

Nesten alle har flytande rente

Alle som begynner å betale på studielånet, får automatisk flytande rente. Det er mogleg å søke om fastrente seks gonger i året. Det inneber at ein binder seg til ein førehandsbestemt rentesats i tre, fem eller ti år. I praksis betyr det at beløpet ein skal betale kvar månad, er det same gjennom heile bindingsperioden.

I underkant av 800 000 kundar betaler ned på studielånet i dag. 773 700 har flytande rente, medan 15 300 har fastrente.

Basert på bustadlånsrentene

Rentene blir fastsett på grunnlag av eit gjennomsnitt av dei fem beste tilboda om bustadlån i marknaden. Frå dette snittet blir det trekt 0,15 prosentpoeng, som gir Lånekassens renter.

Det er Finanstilsynet som observerer utviklinga av bustadlånsrentene, og som fastset Lånekassens rentesatsar. Flytande rente som gjeld frå 1. mai er basert på observasjonar i januar og februar, medan fastrenta som gjeld frå 1. mai, er basert på observasjonar i mars.

Kundar som ønsker å binde renta frå 1. mai, kan gjere det i perioden 10.–17. april. Dei søker om fastrente på lanekassen.no.

Mac på fanget