Fastrentene i Lånekassen går ned

Publisert: 09.02.2024
Frå 1. mars går fastrentene på studielån i Lånekassen ned, og dei blir lågare enn den flytande renta.

Fastrentene som gjeld frå 1. mars vil vere:

  • 3 års bindingstid: 4,544 prosent (ned med 0,517 prosentpoeng)
  • 5 års bindingstid: 4,343 prosent (ned med 0,527 prosentpoeng)
  • 10 års bindingstid: 4,275 prosent (ned med 0,442 prosentpoeng)

Den flytande renta som gjeld frå 1. mars er 5,032 prosent.

98 prosent har flytande rente

Av Lånekassens kundar som betaler ned på studielånet i dag, har 98 prosent flytande rente, medan 15 100 har fastrente.

– Interessa for å binde renta på studielånet er låg, og det siste året har interessa vore lågare enn nokon gong – færre enn 1 000 kundar batt renta i 2023, seier Anette Bjerke, kommunikasjonsdirektør i Lånekassen.

Basert på bustadlånsrentene

Lånekassens rentesatsar blir fastsette på grunnlag av eit gjennomsnitt av dei fem beste tilboda om bustadlån i marknaden. Frå dette snittet blir det trekt 0,15 prosentpoeng, som gir Lånekassen sine renter.

Det er Finanstilsynet som observerer utviklinga av bustadlånsrentene og fastset rentesatsane på studielånet. Den flytande renta som gjeld frå 1. mars er basert på observasjonar i november og desember, medan fastrenta som gjeld frå 1. mars, er basert på observasjonar i januar.

Kundar som ønsker å binde renta frå 1. mars, kan søke om fastrente på lanekassen.no i perioden 10.–17. februar.