Fastrentene i Lånekassen fortset å auke

Publisert: 31.10.2023
Fastrentene i Lånekassen aukar ytterlegare. Frå 1. november passerer dei i gjennomsnitt fem prosent. Det er det høgaste på 15 år.

Frå 1. november stig alle Lånekassens renter, og snittet passerer fem prosent for første gang sidan 2008. Berre ti-årsrenta held seg under femtalet.

Fastrentene som gjeld frå 1. november, vil vere:

  • 5,242 prosent for tre års bindingstid (aukar med 0,363 prosentpoeng)
  • 5,032 prosent for fem års bindingstid (aukar med 0,277 prosentpoeng)
  • 4,803 prosent for ti års bindingstid (aukar med 0,220 prosentpoeng)

Kan binde mellom 10. og 17. oktober

Flytande rente, som i dag er 3,948 prosent, aukar til 4,419 prosent frå 1. november.

Rentene i Lånekassen er marknadsstyrte, og blir fastsette på grunnlag av eit gjennomsnitt av dei fem beste tilboda om bustadlån i marknaden.
Kundar som ønsker å binde renta frå 1. november, kan gjere det i perioden 10.–17. oktober. Dei søker om fastrente på lanekassen.no.

Berre 2 av 100 har vald fastrente

Lånekassens tilbakebetalarar kan velje å ha flytande eller fast rente på lånet sitt. Dei som ønsker fastrente, kan søke om det. Svært få nyttar denne moglegheita. Per i dag er det berre 16 000 kundar som har fastrente, som tilsvarer 2,15 prosent av tilbakebetalarane.

– I førre rentevindauge valde berre 150 kundar å binde renta. Halvparten av dei valde ti år. Vi ser det er ein trend at når kundar først vel å binde renta, bind ein aukande andel renta for den lengste perioden, det vil seie ti år, seier Magnus Lingscheid-Andersen, produkteigar for lån i Lånekassen.

Les om fastsetting av Lånekassens renter og følg med på renteutviklinga her.