Fastrentene i Lånekassen synker

Publisert: 11.12.2023
Frå 1. januar går fastrentene i Lånekassen ned. Samtidig aukar flytande studielånsrente.

Dei nye fastrentesatsane som gjeld frå 1. januar 2024 blir:

  • 3 års fastrente: 5,061 prosent (ned med 0,181 prosentpoeng)
  • 5 års fastrente: 4,870 prosent (ned med 0,162 prosentpoeng)
  • 10 års fastrente: 4,717 prosent (ned med 0,086 prosentpoeng)

Flytande rente, som i dag er 4,419 prosent, blir frå 1. januar 4,765 prosent.

Aldri har så få bunde renta

Rundt 800 000 av kundane i Lånekassen betaler i dag ned på studielånet sitt. Av desse har 780 000 vald å behalde flytande rente.

– Det er låg interesse for fastrente på studielånet, og i 2023 har interessa vore lågare enn nokon gong. I underkant av 1 000 kundar har vald å binde renta i år. I fjor batt i underkant av 1 300 kundar renta, seier Anette Bjerke, kommunikasjonsdirektør i Lånekassen.

– Historisk har vi sett størst interesse for fastrente når fastrenta som blir tilboden har vore lågare enn flytande rente. Det var tilfellet i 2015 og 2020, der høvesvis 23 500 og 11 700 kundar batt renta.

Kundar som ønsker å binde renta frå 1. januar, kan gjere det i perioden 10.–17. desember. Dei søker om fastrente på lanekassen.no.

Basert på bustadlånsrentene

Rentene i Lånekassen er marknadsstyrte, og blir fastsette på grunnlag av eit gjennomsnitt av dei fem beste tilboda om bustadlån i marknaden. Frå dette snittet blir 0,15 prosentpoeng trekt, noko som gir Lånekassens renter.

Det er Finanstilsynet som observerer utviklinga av bustadlånsrentene, og som fastset Lånekassens rentesatsar. For flytande rente er observasjonsperioden to månader, med eit opphald på to månader før renta trer i kraft. For dei faste rentene er observasjonsperioden éin månad, med eit opphald på éin månad før renta trer i kraft. Flytande rente som gjeld frå 1. januar er basert på observasjonar i september og oktober, medan fastrenta som gjeld frå 1. januar, er basert på observasjonar i november.

– Rentene i Lånekassen ligg etter bankane sine renter. Det betyr at rentene på studielånet blir justerte seinare enn bustadlånsrentene – dei blir sett opp og ned seinare. Dette gjeld både flytande og fast rente, forklarar Bjerke.

Les om fastsetting av Lånekassens renter og følg med på renteutviklinga her.