Færre nordmenn studerer i utlandet

Publisert: 08.06.2022
Antalet norske studentar i utlandet går ned. Nedgangen starta før koronapandemien, og har fortsett dei to siste åra. Storbritannia, som har vore favoritt for norske studentar i mange år, opplever eit markant fall i norske studentar.

19 300 nordmenn får støtte frå Lånekassen til å studere i utlandet dette studieåret. Det er det lågaste talet sidan 2008–2009, sett bort frå koronaåret 2020–2021.

– Det er fleire ytre forhold som kan forklare denne nedgangen. Korona er en openberr grunn, men nedgangen starta før det. Periodar med svak norsk krone i forhold til annan valuta, usikkerheit knytt til Brexit, og urolege tider i verda kan også ha påverka valet til studentane, seier Morten Rosenkvist, administrerande direktør i Lånekassen.

Av 19 300 norske utlandsstudentar tar 14 000 heile graden sin i utlandet, medan 5 300 er på kortare utvekslingsopphold, det vil seie eitt eller to semester utanlands. For to år sidan, før koronapandemien braut ut, var det 15 400 norske gradsstudentar og 8 300 norske utvekslingsstudentar i utlandet.

Antalet nye studentar som startar på ei gradsutdanning ved eit universitet i utlandet fell, frå 7 700 i 2015–2016 til 5 300 i år.

Nytt stipend til å studere i bestemte land

Frå neste haust er det innført eit ekstra stipend til å dra på utveksling til Brasil, India, Kina, Sør-Afrika, Japan eller Sør-Korea.

– Hensikta med det nye stipendet er å motivere fleire studentar til å reise på utveksling til eit av Noreg sine prioriterte samarbeidsland innanfor høgare utdanning og forsking, og å ta eit utvekslingsopphold i ikkje-engelskspråklege land, slik at fleire framtidige arbeidstakarar får både språk- og landkompetanse som er etterspurt på arbeidsmarknaden, seier Rosenkvist.

Storbritannia favoritt, men nedgang også der

Storbritannia har vore norske studentar sitt favorittland i ei årrekke. Slik er det framleis, men det har vore ein klar nedgang. I år studerer 3 800 nordmenn i Storbritannia, mot 5 500 i 2013–2014.

Danmark og USA har også tradisjonelt mange norske studentar. Også desse landa opplever nedgang, men ikkje like mykje som i Storbritannia.

Australia, som var eit populært land blant norske utlandsstudentar for nokre år sidan, har opplevd eit markant fall: Berre 400 nordmenn studerer i Australia i år, mot 2 000 i 2017–2018. Dette heng saman med strenge innreiserestriksjonar til Australia på grunn av koronapandemien.

Det mest populære universitetet for norske studentar i utlandet er Copenhagen Business School, med over 500 nordmenn. Jagiellonian University i Polen og Pécs University i Ungarn følger på plassane etter. Ved begge universiteta er medisin det studiet flest nordmenn tar.

Medisin og business på topp

Medisin har vore det mest populære studiet for norske gradsstudentar i utlandet i fleire år. 3 000 nordmenn studerer i år medisin i utlandet – som er på same nivå som dei siste åra. Også økonomi og business er populært – 2 700 norske gradsstudentar tar det i år.

Her er tal på norske studentar i utlandet.