Elevar gjekk glipp av nesten 40 millionar

Publisert: 23.08.2023
Alle elevar på vidaregåande skole kan få utstyrsstipend frå Lånekassen, men dei må søke for å få det. Førre skoleår gjekk 19 000 elevar glipp av til saman nesten 40 millionar kroner.

– Dei aller fleste elevane søker om utstyrsstipend, men vi ser kvart år at det er ein liten del som ikkje nyttar seg av denne moglegheita. Vi oppfordrar alle elevar på vidaregåande til å søke om utstyrsstipendet, seier kommunikasjonsdirektør Anette Bjerke i Lånekassen.

180 000 kan søke

Førre skoleår var det 180 000 elevar med ungdomsrett i Noreg. Alle desse hadde rett til utstyrsstipend. Likevel var det 13 000 elevar som ikkje søkte, og 6000 som ikkje signerte avtalen. Dermed gjekk 19 000, eller 1 av 10 elevar, glipp av utstyrsstipendet.

– Lånekassen delte ut 332 millionar i utstyrsstipend i fjor. Hadde alle med rett søkt og signert for pengane sine, ville vi delt ut nesten 40 millionar meir, berekna ut frå gjennomsnittsbeløpet til dei som har fått stipend, seier Bjerke.

Elevar kan søke om stipendet på lanekassen.no. Ein av foreldra må signere avtalen om støtte for elevar under 18 år.

Auka satsar

Utstyrsstipendet skal bidra til å dekke utgifter til nødvendig utstyr for elevar i vidaregåande opplæring. Kor mykje elevane får i utstyrsstipend, er avhengig av kva for utdanningsprogram dei tar. I år er lågaste sats 1196 kroner, medan høgaste sats er 6156 kroner. Utstyrsstipend blir utbetalt éin gang i året.

Satsane for utstyrsstipend blei auka dette skoleåret, og regjeringa har foreslått ein ytterlegare auke på 40 millionar kroner frå neste skoleår.

Fleire stipend til elevar på vidaregåande

Lånekassen har også andre typar stipend for elevar på vidaregåande. Elevar som skal bu borte for å gå på skole, kan ha rett på bortebuarstipend på 5 848 kroner i månaden.
Elevar som har foreldre med låg inntekt, kan også ha rett på inntektsavhengig stipend.
Fristen for å søke stipend og lån frå Lånekassen er 15. november for haustsemesteret og 15. mars for vårsemesteret.

Les meir:

Kva vil det seie å ha ungdomsrett?
Dette kan elevar på vidaregåande skole få frå Lånekassen