10 ting du må vite om tilbakebetaling av studielån

Publisert 24.01.2024
Denne veka får 52 000 kundar den første rekninga si frå Lånekassen. Her er 10 ting du må vite om nedbetaling av studielån.  
  1. Du får di første rekning når du ikkje lenger får studielån til fulltidsutdanning. Rekninga kjem cirka sju månader etter den siste perioden du fekk støtte. Nedbetalinga startar også om du går over til å studere deltid eller tar eit friår. Når du får rekning frå Lånekassen, må du enten betale den eller be om betalingsutsetting. Dette gjeld sjølv om du ventar på å få delar av lånet gjort om til stipend. 

  2. Du får rekning kvar månad. Det lønner seg å velje avtalegiro, då blir du trekt automatisk på forfallsdato. Dei som har avtalegiro, får sjeldnare purringar.  

  3. I underkant av 800 000 nordmenn betalar tilbake på studielånet.
    Gjennomsnittsgjeld for dei som avslutta høgare utdanning i 2023, var 427 000 kroner. Med flytande rente, som frå 1. mars er 5,032 prosent, gir det eit terminbeløp på 2 960 kroner.  

  4. Standard nedbetalingstid er vanlegvis 20 år. Du kan sjølv endre nedbetalingstid på lanekassen.no dersom du ønsker å betale ned raskare. Der kan du også velje om du vil ha forfallsdato 5., 15. eller 25. kvar månad. 

  5. Alle får automatisk flytande rente på studielånet. Rentene i Lånekassen blir fastsette med utgangspunkt i gjennomsnittet av dei fem beste bustadlånsrentene. Frå dette snittet blir det trekt 0,15 prosentpoeng som gir Lånekassens renter. Flytande rente frå 1. mars vil vere 5,032 prosent. Seks gonger i året kan du søke om fastrente. Det inneber at du bind deg til ein bestemt rentesats for tre, fem eller 10 år.  

  6. Alle som betaler tilbake på studielånet, kan utsette rekninga 36 gonger utan å oppgi grunn. I fjor nytta éin av fire kundar denne moglegheita til å utsette éin eller fleire betalingar. Når du utset betalinga, er det viktig å hugse at dei vanlege rentene forset å løpe, og at nedbetalingstida blir utvida tilsvarande den varigheita du ber om utsetting. Er du ny tilbakebetalingskunde med gjennomsnittslån (427 000 kroner) og vel å utsette dei seks første rekningane, vil terminbeløpet auke frå 2 960 kroner til 
    3 092 kroner med renta som gjeld frå mars. Det er ein auke på 75 kroner i månaden, eller cirka 17 500 kroner over heile nedbetalingstida. 

  7. Dersom du har tatt lærarutdanning, jobbar som lege i utvalde kommunar eller dersom du bur og jobbar i Finnmark eller Nord-Troms, kan du få sletta delar av studielånet. Det er også mogleg å få sletta gjeld dersom du blir ufør. Les meir om dei ulike ordningane på lanekassen.no 

  8. Dersom du har låg inntekt, kan du ha rett til å få sletta renter på lånet og utsett betalingane for en periode. Arbeidsløyse, arbeidsavklaringspengar og sjukdom er eksempel på situasjonar som kan gi rett til sletting av renter. Er du fulltidsstudent med rett til stipend og lån frå Lånekassen, kan du også få sletta renter for perioden du studerer. 

  9. Kundar som ikkje betaler rekningane og heller ikkje søker om utsetting eller sletting av renter, vil etter kvart få lånet sitt oppsagt og overført til Statens innkrevingssentral. Det betyr at rekninga går til inkasso. Når lånet er oppsagt, løper det forseinkingsrenter på heile gjelda. Det inneber at beløpet du skulder, aukar veldig raskt. Derfor er det viktig å unngå at rekninga går til inkasso. 

  10. Dei aller fleste klarar å betene studielånet sitt. Sjølv om antal purringar har auka noko dei siste åra, er det ein veldig liten del, under éin prosent, som får lånet sitt varig oppsagt.