Du kan søke når du har fått studieplass
Ved å søke tidleg, kan du få pengane på konto rundt studiestart. Dei aller fleste søknadene blir behandla i løpet av eit døgn. Meir kompliserte saker kan det ta lang tid å behandle.
Les om kva for søknader som får lenger behandlingstid
Siste frist for å søke er:
- 15. november 2023 dersom du søker om stipend og lån for heile året eller berre haustsemesteret 2023
- 15. mars 2024 dersom du søker om stipend og lån for vårsemesteret 2024
Kva kan du få støtte til?
Utdanning ved alle universitet og godkjente høgskolar gir rett til støtte frå Lånekassen til å ta 480 studiepoeng. Det er det same som åtte år med fulltidsutdanning.
Les også
Endringar i Lånekassen sine reglar for studieåret 2023-2024
Her kan du lese meir om å ta heile utdanninga di i utlandet.
Her kan du lese meir om å ta heile utdanninga di i Norden.
Her kan du lese meir om å ta deler av utdanninga di i utlandet.