Du treng ikkje å vere heiltidstilsett for å bli rekna som yrkesaktiv
For at vi skal rekne deg som yrkesaktiv, må du oppfylle minst eitt av punkta under
- arbeid i minst 50 prosent stilling
- fulltidsarbeid i minst seks månader av oppteningstida og registrert arbeidssøkar hos Nav i dei resterande seks månadene
- har omsorg for barn født i 2014 eller seinare, eller har særleg tyngande omsorgsplikter i nærmaste familie.
- har studiepermisjon med stipend eller lønn tilsvarande minst 50 prosent av full stilling, der lønna blir betalt av ein arbeidsgivar i regionen
- er tilsett i transportsektoren, på skip, oljeleitingsfartøy eller faste installasjonar på kontinentalsokkelen og er busett i regionen.
Dersom du er sjukmeldt i perioden, reknast denne tida med i oppteningsperioden.
Som yrkesaktive reknast òg dei som i heile eller delar av arbeidstida arbeider frå heimekontor i tiltakssona, og der arbeidsgivars verksemd ligg utanfor tiltakssona.
Kven blir ikkje rekna som yrkesaktiv?
Du blir ikkje regna som yrkesaktiv hvis du i oppteningsperioden for eksempel har vært fulltidsstudent, har avtjent førstegangsteneste eller har vært elev ved en militær skole. Da har du heller ikkje rett på å få redusert gjeld.