Lån og stipend til utdanning i utlandet om sommaren
Kven kan få?
Du kan få lån og stipend dersom det er fastsett i utdanningsprogrammet ditt at undervisninga eller praksisen må skje om sommaren, det vil seie frå 16. juni til 15. august.
Du kan også få lån og stipend om sommaren dersom du skal ta feltarbeid som av naturgitte årsaker berre kan gjennomførast om sommaren.
Krav
Du må vere registrert som fulltidsstudent ved lærestaden, også om sommaren. Du må studere minst 10 månader per studieår i tillegg til sommarkurset, praksisen, eller feltarbeidet.
Undervisningsopplegget må vare i minst to veker. Dersom du til vanleg studerer ved ein norsk lærestad og tar sommarkurset som utveksling, er kravet at undervisningsopplegget varar i minst 4 veker.
Dette kan du få
Du kan få lån og stipend i opptil 2 månader for sommarkurs, praksis eller feltarbeid om sommaren.
Du kan likevel ikkje få lån og stipend i meir enn 12 månader til saman. Dersom heile, eller deler av, sommarkurset overlappar med det vanlege studieåret, kan du ikkje få lån og stipend for begge utdanningane i denne perioden.
Du kan få same lån og stipend som andre studentar i utlandet når du tar sommarkurs eller praksis om sommaren.
Basislån
Alle studentar kan få basislån, og dette er det dei fleste kallar studielån. Basislånet er eit lån, men inntil 40 prosent av dette kan bli gjort om til stipend. For å få stipendet må du bestå utdanninga di, og ha inntekt og formue under grensene.
Skolepengar
Dersom du skal betale skolepengar, kan du få lån og stipend til skolepengar. Men dersom du allereie har fått maksimalt lån og stipend til skolepengar for resten av studieåret, kan du ikkje få meir lån og stipend om sommaren.
Praksis i Noreg
Dersom du studerer i utlandet til vanleg, og skal ta praksis heime i Noreg om sommaren, må du seie ifrå til oss dersom du skal bu heime hos foreldra dine i praksisperioden.
Slik søker du
Søknadsfristen er 15. august, den sommaren du tar kurset eller praksisen. Er kurset ferdig før 15. august, må du søke innan kurset er ferdig.
Du søker ved å sende ein e-post via Dine sider. Der kan du også laste opp dokumentasjon til søknaden.