Krav til dokumentasjon
Alle som søker om stipend og lån til ei ny utdanning i utlandet, må sende dokumentasjon på endeleg opptak og kva du eventuelt betalar i skolepengar.
Du må oppfylle kravet til tilknyting til Noreg når du søker om lån og stipend til utdanning i utlandet. Dette er relevant for deg som enten er norsk statsborgar og har vore busett i utlandet i lengre tid, eller for deg som er utanlandsk statsborgar.
Det er krav til dokumentasjon både når du søker om stipend og lån for første gang til ei utdanning, undervegs i gradsutdanninga di og etter du er ferdig.