Søknad om lån og stipend for yrkessjåførutdanning

Dette søker du om

I søknaden søker du om basislån og eventuelt skolepengelån. Du kan velje å søke om berre den delen av basislånet som kan bli gjort om til stipend, eller heile lånet.

Søknaden gjeld også for andre stipend og lån som berre somme har krav på. Dette er barnestipend, tilleggslån og flyktningstipend.

Det er eigne søknader for foreldrestipend og for tilleggsstipend ved nedsett funksjonsevne.

Vel dette i søknaden

Dersom du skal bli bussjåfør, vel du enten"140 t grunnutdanning, persontransport" eller "Førarkort kl D + 140 t grunnutdanning, persontransport"

Dersom du skal bli lastebilsjåfør, vel du enten «140 t grunnutdanning, godtransport" eller "Førarkort kl C/CE + 140 t grunnutdanning, godstransport"

Finn du ikkje skolen, er den ikkje godkjend for støtte frå Lånekassen.

Dokumentasjon

I dei fleste tilfelle krevst det ikkje dokumentasjon for studium i Noreg. Må du likevel sende dokumentasjon, får du beskjed om det i søknaden. Etter at du har søkt, kan du sende dokumentasjonen til oss på Dine sider på lanekassen.no eller i posten.

Behandlingstid

Du får svar, eller beskjed om status for søknaden, innan 24 timar.

Søknaden er ikkje synleg på Dine sider med éin gong, men så lenge du har fått kvittering, har vi fått søknaden din. På Dine sider får du også informasjon om anslått behandlingstid for søknaden din.

Årets søknad
2022-2023

Nå kan du søke om lån og stipend for studieåret 2022-2023. 

Søknadsfristen er før kurset er ferdig. Dersom kurset startar før 1. mars og blir avslutta etter 15. mars, må du søke før 15. mars 2023.