Lån og stipend for å gå på folkehøgskole
Kva er basislån og kva kan du bruke det til?
Basislån er det alle studentar kan få, og er namnet på det dei fleste kallar studielån. Du kan bruke basislånet til å betale for folkehøgskoleopphaldet og eventuelle reiser, men om prisen er høgare enn basislånet må du dekkja resten sjølv.
Lånet er rentefritt så lenge du får lån til fulltidsutdanning
For at lånet skal vere rente- og avdragsfritt, må du få studielån til fulltidsutdanning. Når du ikkje lenger får studielån, eller går frå å studere på fulltid til deltid, blir det lagt til renter på lånet, og du må begynne å betale.
Når kan du søke?
Du må ha fått skoleplass før du søker, og du kan tidlegast søke frå midten av mai. Siste frist for å søke er
- 15. november for heile året eller berre haustsemesteret
- 15. mars for vårsemesteret
Behandlingstid for søknader
Vi behandlar dei aller fleste søknadene i løpet av eit døgn, men meir kompliserte saker kan ta lang tid å behandle. Det er uansett lurt å søke med ein gong du har fått skoleplass. Når du har møtt opp på skolen, gir skolen oss beskjed. Deretter tar det nokre dagar før du har pengar på konto.