Du bruker den vanlege søknaden
Du bruker den same søknaden som studentar i høgare utdanning.
Du bruker også denne søknaden om du skal søke om flyktningstipend.
24.11.2025: På grunn av ein feil, har nokre kundar fått ei rekning i nettbanken sin med for høgt terminbeløp. Vi beklagar dette. Vi jobbar med å rette feilen, og vil så snart som mogleg sende melding til dei det gjeld.
24.11.2025: Frå kl.15.45 vil nettsida og innloggingstenestene våre vere utilgjengelege på grunn av planlagd vedlikehald.
Du bruker den same søknaden som studentar i høgare utdanning.
Du bruker også denne søknaden om du skal søke om flyktningstipend.
I søknaden søker du om basislån og eventuelt skolepengelån. Du kan velje å berre søke om den delen av lånet som kan bli gjort om til stipend, eller om du vil ha resten av basislånet i tillegg.
Søknaden gjeld også for andre stipend og lån som berre somme har krav på. Dette er barnestipend, tilleggslån og flyktningstipend.
Det er eigne søknader for foreldrestipend og for tilleggsstipend ved nedsett funksjonsevne.
Du får svar, eller beskjed om status for søknaden, innan 24 timar.
Søknaden er ikkje synleg på Dine sider med éin gong, men så lenge du har fått kvittering, har vi fått søknaden din. På Dine sider får du også informasjon om anslått behandlingstid for søknaden din.
No kan du søke om lån og stipend for 2025–2026.
Fristen for førre studieår, 2024–2025, gjekk ut 15. mars 2025.