Førebuande opplæring for vaksne over 21 år

Gjeld deg som fyller 21 år eller meir i løpet av det kalenderåret skoleåret startar.
Hender holder åpen bok. Foto.

Kan eg få lån og stipend?

Du kan søke om lån og stipend dersom du går førebuande opplæring for vaksne.

Dersom du er 21 år eller eldre, kan du søke om:

  • lån
  • lån som kan bli stipend

Kor mykje pengar kan eg få?

Du kan søke om inntil 137 900 kroner for heile skoleåret (ti månader), eller du kan søke om inntil 68 950 per semester. Det meste av pengane er lån som du må betale tilbake. 

Dersom du berre vil søke om lån som kan bli stipend, kan du få inntil 40 prosent av summen over. 

Hugs at dersom du har barn, kan du få meir pengar. Du treng ikkje sende inn ein eigen søknad for barnestipend. 

Dersom du har ei funksjonsnedsetjing og derfor ikkje kan jobbe ved sida av opplæringa, kan du søke om meir pengar. 

Du må oppfylle fleire krav for at lån skal bli stipend

Stipend kan også bli gjort om til lån dersom du ikkje oppfyller krava.

Dette er krava:

  • Du må møte på skolen og følgje undervisninga.
  • Pengar som du får frå Nav og må betale skatt av, må vere under Lånekassens grense for trygd.
  • Dersom du har jobb og tener pengar, må inntekta vere under Lånekassens grense.
  • Dersom du har mykje pengar, må det vere under Lånekassens grense for formue.
  • Du må bu borte frå foreldra dine. Dersom du har barn, gjeld ikkje dette.

Nokon kan få flyktningstipend

Dersom du har fått vern (asyl) i Noreg, kan du få flyktningstipend når du tek førebuande opplæring for vaksne. Du kan ikkje få flyktningstipend dersom du bur på asylmottak eller får introduksjonsstønad.

For deg frå 21 til 24 år

Fekk du utstyrsstipend, andre stipend eller lån etter reglane for vanleg vidaregåande opplæring i skoleåret 2023-2024 (del 2 i forskrift for utdanningsstøtte)? Dersom ja, finn du rett informasjon på sida om førebuande opplæring for dei under 21 år.  

Les meir om reglane for deg som er med i en overgangsordning. 

Gå til søknaden
Vidaregåande med studielån
Sjå kor mykje du kan få
Flyktning
Les meir om stipend til flyktningar

Stipendet ditt kan bli gjort om til lån dersom du har trygd

Lånekassen sjekkar inntekt og formue

Inntekta og formue påverkar kor mykje stipend du kan få. Det betyr at dersom du har inntekt, formue eller trygd over grensene, blir stipendet ditt gjort om til eit lån som du må betale tilbake.

Dersom du er gift, reknar vi også med den felles formuen til deg og ektefellen din.

Vi sjekkar kor stor inntekt og formue du har

Lånekassen får informasjon om kor stor arbeidsinntekt, formue og trygd du har hatt kvart år du får flyktningstipend. Informasjonen om inntekta di bruker vi til å sjekke om du har rett til å behalde stipendet ditt. Du får eit brev frå oss når vi har kontrollert inntekt og formue

 

Les om inntekt og formue

Aktuelt regelverk