Student med barn
Du som har barn, kan få ekstra lån og stipend. Hovudregelen er at barna er under 16 år, og at dei bur saman med deg minst 40 prosent av tida.
Ekstra lån og stipend kjem i tillegg til basislånet, som er det lånet alle studentar får. Du kan altså få både basislån, barnestipend, og tilleggslån samtidig.
Du kan få barnestipend så lenge du er student og får lån og stipend frå Lånekassen. I studieåret 2024-2025 kan få stipendet hvis du har barn født i 2009 eller seinare. Dersom begge foreldra er studentar, kan begge få barnestipend og tilleggslån samtidig.
Slik søker du
Det er ikkje ein eigen søknad for desse låna og stipenda. Når du søker om vanleg stipend og lån, vurderer Lånekassen automatisk om du kan ha krav på barnestipend. Men du må sjølv velje om du også vil søke om tilleggslån.