Resultatet av valet blir no vist på sida.
Søknad om foreldrestipend
Søk om vanleg lån og stipend først
Du må vere i ei utdanning som gir rett til stipend og lån, Søk om vanleg lån og stipend før du sender inn denne søknaden.
Dersom perioden med foreldrestipend går over to forskjellige studieår, må du hugse å søke om stipend og lån for år nummer to når det blir mogleg. Søknaden om stipend og lån for neste studieår blir tilgjengeleg i mai.
Unntak
Det er to unntak frå denne regelen. Dersom noke av dette gjeld deg skal du sende inn søknad om foreldrestipend utan å søke om vanleg lån og stipend først:
- du fekk barn innan sju månader etter at du har fullført ein grad
- du har lovfesta rett til videregåande opplæring (vgs), og har vore i utdanning studieåret før barnet blei født
Søk etter at barnet er født
Du kan ikkje søke om foreldrestipend før barnet er født, og fristen for å søke er seinast eitt år etter fødselen.
- Last ned søknadsskjemaet - sjå nederst på sida
- Fyll ut skjemaet digitalt
- Logg inn og vel Søk om stipend og lån i menyen
- Last opp og send skjemaet
Dokumentasjon
Dersom du skal ha permisjon, må du legge ved dokumentasjon frå lærestaden din som viser perioden du skal ha permisjon.
Legg ved kopi av vedtak frå Nav dersom ektefellen eller sambuaren din skal få foreldrepengar.
Behandlingstid
Saka blir behandla av ein saksbehandlar. Derfor må du rekne med litt tid før du får svar.
Last ned søknad om foreldrestipend [pdf]