Vaksen student i Noreg
Den einaste forskjellen på kva unge og vaksne studentar kan få, er at studentar over 30 år kan få låne meir.
Basislån og skolepengar
Som alle andre studentar, kan også vaksne studentar søke om basislån.
I studieåret 2024–2025 er basislånet 151 690 kroner. Beløpet gjeld dei som får utbetaling 11 månader i året. Du kan også søke om ekstra lån til skolepengar, dersom du for eksempel går på BI eller ein annan lærestad i Norge. Maksimalt lån til skolepengar for eit studieår er 77 192 kroner .
Er du over 30 år, kan du få tilleggslån
Er du 30 år eller eldre og skal ta høgare utdanning, kan du som fulltidsstudent ha rett på eit tilleggslån på inntil 115 880 kroner for eit studieår. Tilleggslånet er avgrensa til 231 760 kroner til saman. Dersom du tar færre studiepoeng, får du tilbod om å låne eit mindre beløp.
Har du barn, kan du få meir
Studentar som har barn under 16 år, kan få ekstra stipend og lån.
Som fulltidsstudent har du rett til 2 028 kroner i stipend per barn per månad. Beløpet blir justert ned dersom du studerer på deltid. Ein føresetnad for å få barnestipendet er at du sjølv, eller ektefellen/sambuaren din, ikkje har inntekt eller formue over dei fastsette grensene.
Sjekk kor mykje barnestipend du kan få og kva inntektsgrensa er.
Det er også eit tilleggslån for studentar med barn som du kan søke om. Dette tilleggslånet er på inntil 57 940 kroner for eit studieår. Det er avgrensa til 115 880 kroner totalt. Merk at du ikkje kan få dette samtidig som du får tilleggslån for studentar over 30 år.
Du kan få lån uansett kor mykje du tener
Dersom du jobbar samtidig som du studerer, påverkar det ikkje kor mykje du får utbetalt. Men det kan påverke kor mykje av lånet som blir gjort om til stipend etterpå. Inntektsgrensa er forskjellig ut frå om du har fått støtte frå Lånekassen både våren og hausten 2024, eller om du berre har fått støtte hausten 2024.
- Inntektsgrensa for deg som har fått støtte både våren og hausten 2024 er: 214 213 kroner
- Inntektsgrensa for deg som har fått støtte berre hausten 2024: 535 532 kroner