Jobb i Lånekassen

Mogelgheiter i Lånekassen

Lånekassen gir alle like moglegheiter til å ta utdanning. Vi gir også våre medarbeidarar moglegheiter. Vil du bidra til eit av Noregs viktigaste samfunnsoppdrag, samtidig som du utviklar deg sjølv?

Vi trenger trivelige, engasjerte og dyktige medarbeidere som samhandler tett på tvers av fagområder.

Samfunnsoppdraget

Vi har eit av Noregs viktigaste samfunnsoppdrag: vi gir alle like moglegheiter til å ta utdanning. Kunnskap er ein viktig forutsetning for utvikling og demokrati. I over 75 år har Lånekassen vore ein bærebjelke for det samfunnet vi har i dag – det skal vi også være i framtida.

Mangfaldig og inkluderande arbeidsliv 

Det skal vere godt å vere på jobb i Lånekassen. Hos oss vil vi kvarandre vel, og vi er opptatt av trivsel, både i arbeidet, mellom kollegaer og etter arbeidstid.

Vi har ulike sosiale grupper, som gå-gruppe, yoga, filmklubb, bootcamp og paddle, og felles sosiale arrangementer, avhengig av kva for kontorsted vi jobbar på.

Vi er sikre på at dei beste løysingane blir skapte av folk med ulik bakgrunn, perspektiver og erfaringar, og som har det gøy og triveleg saman.

Hos oss er det takhøgde og «grøne hattar», som gjer oss til ein effektiv masseforvaltar av studiestøtta, og ein tillitsfull, fagleg rådgivar for våre eigarar.

Godkjent lærebedrift 

Lånekassen er godkjent som lærebedrift i desse faga:

  • Service- og administrasjon
  • IT-utviklar
  • IT-drift

Er dette aktuelt for deg, kan du søkje på lærlingstillinger når vi kunngjer dei. Du finn oversikt over statlege lærlingverksemder og søknadsskjema hos OK stat.

Sjå ledige stillingar
Møt nokre av våre tilsette
Vil du jobbe med IT i Lånekassen?
Vi har eit breitt fagmiljø, og er oslokollegaer, trondheimskollegaer og heimekollegaer.

Dette får du hos oss

Vi veit at du er opptatt av mer enn jobbresultater- og leveranser, og at livet har ulike faser. Det prøver vi å legge til rette for.

Vi veit at mange ønsker seg ein hybrid kvardag, og det legg vi til rette for. Hos oss er du velkommen på kontoret kvar dag, men du kan også jobbe heimefrå to dager i veka.

Vi har i tillegg fleksitid og moglegheit for avspasering. Vi har moglegheit for sommartid, med noko kortare arbeidstid om sommaren. Og du får betalt for lunsjtida.

Vi kan bruke inntil éin arbeidstime i uka til trening. Den kan du for eksempel bruke til å gå ein tur med ein av våre gå-grupper. Vi har også andre ulike felles treningsaktivitetar som bootcamp, yoga, paddle, fotball, klatregruppe, løpegruppe, symjing, alt etter som kva for kontorsted du jobbar på.

 

Lånekassen har kontorstader i Oslo, Trondheim, Ørsta og Stavanger. Dei ulike kontorstadene har ulike sosiale aktivitetar, som fellesturar for heile kontoret, filmklubb og handarbeidstreff.

Alle tilsette er medlem av Statens pensjonskasse og det blir dermed tekt 2 prosent av brutto lønn til obligatorisk premieinnskott. 

Du har også moglegheit til å søke bustadlån i Statens pensjonskasse.

Vi ønsker at du vidareutviklar Lånekassen samtidig som du utviklar deg sjølv. Vi har merksemd på framtidig kompetansebehov og riktig bruk av kompetanse, og arbeider med å utvikle medarbeidarat i takt med endringarr i mål og behov. Hos oss er det moglegheiter til å lære, utforske og vekse.