Flyktningar som har fått vern, og som ikkje får introduksjonsstønad, kan få flyktningstipend frå Lånekassen til grunnskole eller vidaregåande opplæring i maksimum tre år. For å få maksimal tid med flyktningstipend, er det viktig at dei kjem i gang med utdanninga innan tre år etter at dei fekk vern. Får dei barn eller må ta grunnskole, kan retten «forskyvast» i inntil to år.
Får pengane som stipend
Dei som får flyktningstipend, får alle pengane som stipend, bortsett frå tilleggslån og eventuelt lån til skolepengar. Beløpet dei får, vil variere etter kva situasjon dei er i. For ein vaksen utan anna inntekt eller stønad, er beløpet rundt 11 000 kroner i månaden. Dei som forsørger barn, kan ha rett til meir.
Flyktningstipendet gjeld berre grunnskole og vidaregåande opplæring, men flyktningar som vil ta fagskole, høgskole eller universitet, kan få stipend og lån til dette på same vilkår som norske statsborgarar.
Når kan flyktningen søke?
Eleven kan søke om flyktningstipend for neste skoleår når ho eller han har fått skoleplass. Det er ikkje ein eigen søknad om flyktningstipend. Det er den vanlege søknaden om stipend og lån som skal brukast.
Det er moglg å søke om flyktningstipend eller andre stipend/lån for våren 2021 fram til 15. mars 2021.
Informasjon på fleire språk
Du finn meir informasjon og kan laste ned brosjyrar på ulike språk her:
Stipend og lån til flyktningar – arabisk, somali, tigrinja og farsi, engelsk, norsk
Stipend og lån til utanlandsk statsborgar – arabisk, somali, tigrinja, farsi, fransk, spansk, engelsk, norsk
I løpet av vinteren 2021 vil det også bli laga ein film om flyktningstipendet på ulike språk. Denne vil bli tilgjengelig på Lånekassens nettsider.