Forslag i statsbudsjettet 2025 som påverkar kundar i Lånekassen

Publisert: 09.10.2024
Måndag 7. oktober la regjeringa fram sitt forslag til statsbudsjett for 2025. Her kan du lese om forslaga som er viktige for kundar i Lånekassen.

Forslaga skal behandlast i Stortinget, og kan bli endra. Dersom budsjettet blir vedtatt, vil dei fleste endringane gjelde frå og med studieåret 2025-2026. 

Prisjustering av støttesatsar 

Støttesatsar er foreslått auka med 2,9 prosent. For basislånet, lånet dei fleste studentar i Noreg får, vil det bety ein auke frå inntil 151 690 kroner i studieåret 2024-2025, til inntil 156 090 kroner i studieåret 2025-2026, for studentar som får støtte i elleve månader. 

Ny låneordning retta mot vaksne 

Frå våren 2025 er det foreslått eit nytt lån som har fått namnet kompetanselån. Lånet er retta mot vaksne som har behov for etter- og vidareutdanning og er meint å kompensere for bortfall av inntekt i ein periode. Kompetanselånet skal kunne bli gitt til kortare vidareutdanningar ved fagskolar og universitet og høgskolar. Lånet er utan ein stipenddel og har løpande rente. Lånebeløpet vil vere høgare enn det dei fleste studentar får i dag. Den nye ordninga vil gjere det mogleg å få støtte til utdanningar som varar kortare enn eitt semester.  

Meir av omgjeringa frå lån til stipend for å ha oppnådd ein grad 

Studentar som får basislån, får i dag gjort om inntil 40 prosent av lånet til stipend etter at dei har fullført ein grad. Av desse 40 prosentane, er 25 prosent for studiepoeng studenten har bestått, og 15 prosent er for å ha fullført ein grad. 

Frå studieåret 2025-2026, er det foreslått å bytte på denne fordelinga, slik at studentar får gjort om 25 prosent av lånet dersom dei fullfører ein grad, og 15 prosent av omgjeringa er for studiepoeng studenten har bestått. Det vil framleis vere mogleg å få gjort om inntil 40 prosent av lånet til stipend. Målet med denne endringa er at fleire studentar skal velje gradsutdanning, og fullføre gradane dei startar på. 

Meir omgjering for bestått vidareutdanning i osteopati 

Studentar som tar helsefagleg vidareutdanning i osteopati, som er nødvendig for å kunne oppnå autorisasjon etter helsepersonellova, får i dag gjort om lån til stipend etter studiepoeng dei har bestått (inntil 25 prosent av lånet). Kunnskapsdepartementet foreslår at studentar som tar vidareutdanninga, skal kunne få gjort om lån til stipend for både fullførte studiepoeng og fullført grad, til saman inntil 40 prosent av lånet. 

Endringar i kva trafikkflygar-studentar kan få i lån og stipend 

I dag kan studentar få lån og stipend til trafikkflygarutdanning i Noreg og Norden, men ikkje utanfor Norden. Departementet foreslår å oppheve denne geografiske avgrensinga slik at flygarutdanning som er på nivå med høgare utdanning innan EØS, skal kunne gi rett til lån og stipend. Kunnskapsdepartementet foreslår vidare å avvikle det utvida lånet til skolepengar til flygarutdanning i Noreg, som i studieåret 2024-2025 er på 428 346 kroner. Studentar som allereie er i gang med flygarutdanninga, kan få det utvida lånet etter vilkåra som gjeld i dag. 

Forslag om ordning for sletting av gjeld frå 2026

For å gjere det meir attraktivt å bu og jobbe i mindre sentrale strøk, foreslår regjeringa å etablere ei ny ordning for sletting av gjeld for dei som er yrkesaktive i dei minst sentrale distriktskommunane, med 25 000 kroner av lånet per år. Oppteningstida skal vere på tolv månader. Dersom forslaget går gjennom, kan låntakarar få sletta gjeld frå og med januar 2026. Regjeringa foreslår også å doble satsen for sletting i tiltakssonen (Nord-Troms og Finnmark), frå 30 000 til 60 000 kroner. 

Tiltak for å redusere betalingsproblem   

Når ein tilbakebetalar lar vere å betale rekningane sine, vil lånet bli oppsagt og sendt til Statens innkrevingssentral (SI). Det blir då rekna forseinkingsrenter på heile gjelda. Forseinkingsrentene kan utgjere store summer som låntakar må betale for å flytte lånet sitt ut av SI og komme tilbake til vanleg nedbetaling hos Lånekassen igjen.  

For å gjere det lettare for slike låntakarar å komme à jour, foreslår regjeringa at det ikkje lenger skal vere nødvendig å nedbetale forseinkingsrentene for å få lånet tilbake til ordinær nedbetaling i Lånekassen. Forseinkingsrentene skal i staden inngå som ein del av den ordinære nedbetalinga av studiegjelda. 

På side 214-228 i dette dokumentet kan du lese om alle forslaga som omhandlar Lånekassen.