Stabilt låg studielånsrente

Publisert: 10.11.2021
Den flytande renta i Lånekassen stig med 0,01 prosentpoeng frå 1. januar.  

Flytande rente som gjeld frå 1. januar 2022 vil vere 1,322 prosent. Det er 0,010 prosentpoeng høgare enn dagens rente.

707 600 av Lånekassens tilbakebetalarar har flytande rente, medan 44 500 har fast rente på studielånet.

Fastrentene som gjeld frå 1. januar blir tilgjengeleg rundt 10. desember.

Les meir om korleis renta i Lånekassen vert fastsett og følg renteutviklinga her.