Flytande rente blir 5,242 prosent

Publisert: 03.07.2024
Frå 1. juli aukar studielånsrenta med 0,028 prosentpoeng, til 5,242 prosent.

Flytande rente som gjeld i juli og august er 5,214 prosent.

Studielånsrenta er marknadsstyrt, og blir fastsett med utgangspunkt i gjennomsnittet av dei fem beste bustadlånsrentene. Det er Finanstilsynet som observerer utviklinga av bustadlånsrentene, og som fastsett rentesatsane i Lånekassen. 

Flytande rente som gjeld frå 1. september er basert på marknadsrentene i mars og april.

767 000 av Lånekassens tilbakebetalarar har flytande rente på studielånet sitt, medan 15 300 har fast rente.

Les meir om korleis renta i Lånekassen blir fastsett.
På denne sida kan du følge renteutviklinga.