Flytande rente blir 5,128 prosent

Publisert 05.03.2024
Frå 1. mai blir flytande rente på studielånet 5,128 prosent.

Flytande rente som gjeld i mars og april er 5,032 prosent. Frå 1. mai aukar renta med 0,096 prosentpoeng, til 5,128 prosent. 

Studielånsrenta er marknadsstyrt, og blir fastsett med utgangspunkt i gjennomsnittet av dei fem beste bustadlånsrentene. Det er Finanstilsynet som observerer utviklinga av bustadlånsrentene, og som fastsett rentesatsane i Lånekassen. 

Flytande rente som gjeld frå 1. mai er basert på marknadsrentene i januar og februar.
769 000 av Lånekassens tilbakebetalarar har flytande rente på studielånet sitt, medan 15 000 har fast rente. 

Les meir om korleis renta i Lånekassen blir fastsett.
På denne sida kan du følge renteutviklinga.