Ti ting du bør vite om tilbakebetaling av studielån

Publisert: 13.02.2025
50 000 Lånekasse-kundar skal no betale si første rekning på studielånet. Her er ti ting du som førstegongsbetalar bør vite om nedbetaling av studielån.

1. Første rekning etter sju månader 

Studielånet er rentefritt medan du får stipend og lån til fulltidsutdanning. Rentene begynner å løpe dagen etter at du ikkje lenger får støtte til fulltidsutdanning. Sju månader etter det får du den første rekninga di. Du får også første rekning om du går frå å vere fulltidsstudent til å studere på deltid.

2. Omgjering av lån til stipend skjer året etter bestått eksamen 

Alle studentar kan få basislån. Dette blir gitt som lån, men studentar som ikkje bur saman med foreldra sine, kan få omgjort inntil 40 prosent av basislånet til stipend etter bestått utdanning. I tillegg påverkar inntekt og formue kor mykje du kan få omgjort. Omgjeringa skjer året etter at du har fått støtte, etter at Lånekassen har fått skatteopplysningane frå Skatteetaten. Omgjering for 2024 skjer hausten 2025. Renter som i mellomtida har blitt lagt beløpet som blir gjort om, blir sletta.

3. Du får rekning éin gong i månaden 

Studielånet skal betalast éin gong per månad. Kor høg rekninga er, avheng av gjelda di, renta og nedbetalingstida di. På Lånekassen sine nettsider kan du bruke ein kalkulator for å sjå kva du cirka skal betale i månaden. Du kan velje forfallsdato den 5., 15. eller 25. i månaden. Du får 15. som standard, men kan enkelt endre dette ved å logge deg inn på lanekassen.no.

4. Du kan velje mellom fast eller flytande rente 

Alle får automatisk flytande rente, men det er seks moglegheiter i året for å binde studielånsrenta. Du kan binde renta i tre, fem eller ti år. Studielånsrentene blir fastsett med utgangspunkt i gjennomsnittet av dei fem beste bustadlånsrentene. Frå dette snittet blir det trekt 0,15 prosentpoeng, som gir Lånekassen sine renter. Det er Finanstilsynet som observerer utviklinga av bustadlånsrentene, og som fastset Lånekassen sine rentesatsar.

5. Nedbetalingstid er normalt 20 år, men du kan betale raskare eller innfri 

Det vanlege er 20 års nedbetalingstid, men du kan velje kortare nedbetalingstid. Viss du vil auke nedbetalingstida igjen seinare, kan du gjere det. Har du fastrente, kan du ikkje endre nedbetalingstida. Viss du vil betale inn ekstra, kan du det. Det gjer du ved å auke beløpet på rekninga, eller legge inn ei ekstra betaling. Betaler du ekstra, vil nedbetalingstida vere som før, men terminbeløpet blir lågare. Vil du ha same terminbeløp som før, kan du redusere nedbetalingstida. Vil du innfri lånet, kan du når som helst betale heile gjelda di. Før du bestemmer deg for det, er det lurt å hugse at Lånekassen har nokre sosiale ordningar som kan vere til din fordel – som gratis gjeldsforsikring ved uførleik og død, eller moglegheit til å utsette rekningar. Har du fast rente, kan det ha nokre konsekvensar for deg å betale ekstra eller innfri lånet.

6. Vel avtalegiro 

Du kan velje om du vil ha avtalegiro, e-faktura eller rekninga på papir (papirfaktura medfører eit gebyr på 18 kroner per rekning). 99 prosent av tilbakebetalarane har avtalegiro eller e-faktura, flest har avtalegiro. Med avtalegiro slepp du å hugse at du må godkjenne rekninga i nettbanken kvar månad.

7. Du har moglegheit til å utsette rekningar viss du ikkje kan betale 

Viss du ikkje kan betale rekninga, kan du velje å utsette den – det kan du gjere 36 gonger, som tilsvarer tre år. Merk at nedbetalingstida blir utvida tilsvarande viss du utset, og rentekostnaden på lånet aukar. Dersom du er i ein situasjon som gjer at du har låg inntekt, kan du få sletta renter på lånet. Arbeidsløyse, arbeidsavklaringspengar og sjukdom er døme på slike situasjonar. Du bruker ikkje av betalingsutsettingskvoten i periodar der du får sletta renter.

8. Du kan få sletta gjeld 

Lånekassen har fleire ordningar for gjeldssletting. For eksempel kan du få sletta studiegjeld om du bur og jobbar i Finnmark og Nord-Troms, om du fullfører visse lærarutdanningar med spesialisering i realfag, framandspråk, samisk eller kvensk, eller om du skulle bli varig ufør, for å nemne nokre. Den nyaste ordninga for sletting av studielån gjeld for dei som bur og jobbar i ein kommune i sentralitetsklasse 5 eller 6 (her er liste over kva kommunar dette gjeld). Sjå Lånekassen sine nettsider for oversikt over alle gjeldssletteordningane i Lånekassen.

9. Sjå Lånekasse-saldo i mobil- og nettbank 

Lånekassen samarbeider med fleire bankar slik at bankkundane kan sjå studielånssaldoen sin i mobil- og nettbank. Sjekk i nettbanken din om dette er noko dei tilbyr.

10. Hugs å betale 😊 

Det er viktig å betale rekningane sine. Viss ein ikkje betaler rekninga si, ikkje søker om utsetting av rekninga eller sletting av renter, og heller ikkje betaler purringar, vil lånet bli oppsagt og overført til Statens innkrevingssentral. Når lånet blir oppsagt, vil det løpe forseinkingsrenter på heile lånet. Vi ser at kundar som har valt å betale med avtalegiro, sjeldnare får purringar.

 

Fakta:

  • 1,2 millionar nordmenn er i dag kundar i Lånekassen – det betyr at dei enten får stipend og lån, eller at dei betaler ned på studielånet sitt. 804 000 nordmenn betaler for tida ned på studielånet sitt.
  • 98 prosent av tilbakebetalarane har flytande rente på studielånet.
  • 99 prosent av dei som betaler på studielånet, har avtalegiro eller brukar e-faktura (52 prosent avtalegiro, 47 prosent e-faktura).
  • Gjennomsnittsgjelda for nyutdanna studentar i 2023 var 427 000 kroner.
  • Det har vore ein vekst i talet på personar som bruker moglegheita til å utsette rekningar. Under koronapandemien kunne Lånekassens tilbakebetalarar utsette utan å bruke av den ordinære kvoten, og bruken auka. Bruken av betalingsutsetting har halde fram med å auke sjølv etter pandemiåra, og i 2024 utsette 214 000 av tilbakebetalarane éi eller fleire rekningar (mot 127 000 i 2019, det siste året før pandemien).
  • Lånekassens tilbakebetalarar har god betalingshistorikk, og få har varige betalingsproblem. Av 7,7 millionar rekningar som blei sendt ut i 2024, enda 3,4 prosent i purring. 0,3 prosent av tilbakebetalarane har varige betalingsproblem.