Frå 1. juli vil fastrentene på studielån vere:
- 4,774 prosent for tre års bindingstid (ned 0,038 prosentpoeng)
- 4,736 prosent for fem års bindingstid (ned 0,009 prosentpoeng)
- 4,717 prosent for ti års bindingstid (ned 0,019 prosentpoeng)
Også den flytande renta går ned frå 1. juli, frå 5,156 prosent til 5,099 prosent. Alle dei tre fastrentene held fram med å vere lågare enn den flytande renta, noko som har vore situasjonen sidan mars 2024.
Basert på dei beste bustadlånsrentene
Rentene i Lånekassen er basert på gjennomsnittet av dei fem beste tilboda om bustadlån i marknaden. Frå dette snittet blir det trekt 0,15 prosentpoeng, som gir Lånekassens renter.
Alle nye tilbakebetalarar får automatisk flytande rente på lånet sitt. Dei som ønsker, kan søke om fastrente i tre, fem eller ti år. Det er seks moglegheiter i året for å binde renta. Dei som ønsker å binde studielånsrenta frå 1. juli, kan gjere det i perioden 10.–17. juni. Kundane søker om fastrente på dei innlogga sidene på lanekassen.no.
Dei aller fleste har flytande rente
Lånekassen har 1,2 millionar kundar, som enten får stipend og lån eller som betaler ned på studielånet sitt. 798 000 personar høyrer til den siste gruppa, og av desse har dei aller fleste flytande rente – 783 000 tilbakebetalarar har i dag flytande rente på studielånet.
Les meir:
Slik blir rentene fastsette i Lånekassen
Renteutviklinga i Lånekassen