Fastrentene i Lånekassen aukar

Publisert: 10.08.2022
Frå 1. september stig fastrentene på studielånet slik at dei er på rundt fire prosent. Då fastrentene var på sitt lågaste under to prosent, var det ca. 1 500 som valde å binde.

Fastrentene som gjeld frå 1. september vil vere:

  • 3,880 prosent for tre års binding (opp frå 3,435 prosent)
  • 3,986 prosent for fem års binding (opp frå 3,581 prosent)
  • 4,054 prosent for ti års binding (opp frå 3,687 prosent)

– Det at fastrentene våre går ytterlegare opp, heng saman med at marknadsrentene har gått opp. Men renta i Lånekassen har eit etterslep, og det forklarer kvifor fastrentene på studielånet ikkje har auka like mykje som i marknaden elles den siste tida, seier Anette Bjerke, kommunikasjonsdirektør i Lånekassen.

Flytande rente frå 1. september vil vere 1,972 prosent.

Få valde å binde på botn

Dei lågaste fastrentene Lånekassen har hatt, var dei som kundane kunne få i januar 2021:

  • 3 år: 1,480 prosent (349 kundar batt)
  • 5 år: 1,638 prosent (508 batt)
  • 10 år: 1,933 prosent (652 batt)

Flytande på same tid var 1,391 prosent.

Til saman valde cirka 1 500 kundar å binde renta den gongen.

– Som regel er det behovet for føreseielege utgifter som er motivet for å binde renta, men slik situasjonen er no, kan det også ha lønna seg, kommenterer Bjerke.

– Erfaringsvis er det få kundar som bind renta. I fjor var det samla sett 3 800 kundar som batt studielånsrenta. Hittil i år er det 900 som har bunde renta.

Marknadsstyrte renter

Det blir opna for at kundar kan søke om fastrenter seks gonger i året. Dette er fjerde periode i 2022, og det er mogleg å binde mellom 10. og 17. august. Dei to neste moglegheitene er i oktober og desember.

Rentene i Lånekassen er marknadsstyrte, og blir fastsette med utgangspunkt i gjennomsnittet av dei fem beste bustadlånsrentene. Frå snittet blir 0,15 prosentpoeng trekt frå, noko som gir Lånekassens renter.

Les meir om korleis renta i Lånekassen blir fastsette og følg renteutviklinga her.