Fastrentene i Lånekassen går opp

Publisert: 09.04.2021
Ved årsskiftet hadde Lånekassen dei lågaste fastrentene nokon gong. Rentene følgjer utviklinga i marknaden og går no opp for andre gong i 2021.

Fastrentene som gjeld frå 1. mai 2021 er:

  • 3 år: 1,756 % (opp med 0,187 prosentpoeng)
  • 5 år: 2,070 % (opp med 0,295 prosentpoeng)
  • 10 år: 2,511 % (opp med 0,441 prosentpoeng)

– Fastrentene som gjaldt frå 1. januar i år var dei lågaste i Lånekassen si historie. No ser vi at fastrentene har auka, seier kommunikasjonsdirektør Anette Bjerke i Lånekassen.

Det var ei lita auke i fastrentene frå 1. mars i år, og no går dei ytterlegare opp.

– Fastrentene er framleis låge samanlikna med for eit par år sidan, men aukar no altså slik at både bindingstider på fem år og 10 år passerer to prosent igjen, seier Bjerke.

Rundt 9 av 10 som betaler ned på studielånet sitt, har flytande rente. 680 000 kundar har flytande rente, medan 45 500 kundar har fast rente.

Dei som ønsker å binde renta frå 1. mai, kan gjere det i perioden 10.-17. april på Dine sider på lanekassen.no

Fakta om renter på studielån

  • Rentene i Lånekassen er marknadsstyrt, og er fastsett på grunnlag av gjennomsnittet av dei fem beste tilboda om bustadlån i marknaden (basisrenta). Frå basisrenta blir det trekt 0,15 prosentpoeng, som gjev Lånekassen sine renter.
  • Både flytande og fast rente blir fastsett annankvar månad.
  • 680 000 av tilbakebetalarane i Lånekassen har flytande rente på studielånet sitt, medan 45 500 har fast rente.
  • Les meir om korleis renta i Lånekassen blir fastsett og følg renteutviklinga her.

 

Anette Bjerke
kommunikasjonsdirektør i Lånekassen