Fastrentene i Lånekassen aukar

Publisert: 10.10.2022
Frå 1. november stig fastrentene på studielånet ytterlegare. Aldri før har fastrentene vore så mykje høgare enn flytande rente, og aldri før har så få valt å binde renta som no.

Fastrentene som gjeld frå 1. november, vil vere:

  • 4,419 prosent for tre års binding (opp 0,539 prosentpoeng)
  • 4,381 prosent for fem års binding (opp 0,395 prosentpoeng)
  • 4,304 prosent for ti års binding (opp 0,250 prosentpoeng)

Flytande rente er 2,315 prosent.

– Fastrenta har aldri vore så mykje høgare enn flytande rente som den er frå 1. november i år, seier administrerande direktør i Lånekassen, Morten Rosenkvist.

–  Samtidig blir fastrenta for tre år høgare enn for både fem og ti år. Sist vi hadde ein slik situasjon var under finanskrisa i 2008, seier han.

Rekordlåg interesse for å binde renta

Aldri før har færre ønska å binde renta. Hittil i år har berre 1100 kundar bunde renta. I førre rentevindauge var det berre 160 kundar som valde å binde renta.

–  Fortset denne tendensen vil 2022 gå inn historiebøkene som det året færrast valde å binde renta. Vi må tilbake til 2001, då 1400 valde å binde, for å finne like laber interesse for å binde renta på studielånet. Det året låg tre års-renta på cirka 7,5 prosent, seier Rosenkvist.

Lånekassen har også historisk få kundar som har fastrente på studielånet. 701 400 kundar har flytande rente, og 21 500 kundar har fast rente.

Marknadsstyrte renter

Det blir opna for at kundar kan søke om fastrenter seks gonger i året. Dette er femte periode i 2022, og det er mogleg å binde renta mellom 10. og 17. oktober. Siste moglegheit i 2022 er i desember.

Rentene i Lånekassen er marknadsstyrte og blir fastsett med utgangspunkt i gjennomsnittet av dei fem beste bustadlånsrentene. Frå snittet blir 0,15 prosentpoeng trekt, noko som gir Lånekassens renter.

Les meir om korleis renta i Lånekassen blir fastsett og følg renteutviklinga her.