Endringar for studieåret 2023-2024

Publisert: 22.03.2023
Kvart år blir nokre av reglane for tildeling av lån og stipend til elevar og studentar endra. Her finn du informasjon om dei største endringane for studieåret 2023-2024.

Justering av støttesatsar

Støttesatsane er justerte med 7 prosent. Basislånet, som er det dei fleste studentane får, aukar frå 11 717 kroner per månad, til 12 537 kroner per månad.

Elevar på yrkesfag kan få høgare utstyrsstipend

Utstyrsstipendet skal bidra til å dekke utgifter til nødvendig utstyr for elevar i vidaregåande opplæring. Kor mykje elevane får i utstyrsstipend, er avhengig av kva utdanningsprogram dei tar.

Utstyrsstipendet for elevar som tar yrkesfaglege utdanningsprogram blir styrka. Hittil har det vore fire satsar for utstyrsstipendet, men frå kommande studieår blir det fem. Nokre av utdanningsprogramma blir dermed flytta til ein høgare sats.

Sjekk satsane for utstyrsstipend for 2023–2024.

Elevar kan få meir i bortebuarstipend

Elevar med ungdomsrett til vidaregåande opplæring har rett til bortebuarstipend dersom dei må bu borte frå foreldra under utdanninga. Dette er for at geografi eller privatøkonomi ikkje skal hindre elevar i å ta den vidaregåande opplæringa dei vil.

Bortebuarstipendet aukar frå 4 979 kr per månad i inneverande studieår, til 5 848 kroner per månad i studieåret 2023–2024.

Studentar utanfor Norden får mindre stipend til å dekke skolepengar

Studentar som tar utdanning i land utanfor Norden, har rett til lån og stipend til skolepengar. Desse studentane vil framleis få lån og stipend til skolepengar, men frå kommande studieår vil ein større del av skolepengestøtta vere lån.

I berekninga av lån og stipend til skolepengar, blir ein prosentdel av eit bestemt beløp gitt som stipend, og den resterande prosentdelen som lån. For studieåret 2023-2024 blir 40 prosent av 77 820 kroner gitt som stipend, og resten som lån. Dette gjeld for alle som får lån og stipend til skolepengar utanfor Norden frå studieåret 2023–2024, uavhengig av type utdanning og nivå. Tidlegare har denne stipenddelen vore 50 prosent for bachelorutdanning, lengre språkkurs, fagskoleutdanning eller yrkesfagleg vidaregåande opplæring, og 70 prosent for masterutdanning, ph.d.-utdanning eller utveksling som ein del av ei universitets- og høgskoleutdanning.

Endringa gjeld både dei som startar på ny utdanning hausten 2023, og studentar som allereie har starta på ei utdanning.

Les meir

Her kan du lese heile endringsforskrifta (lovdata.no)