Lånekassen har følgt ei gruppe studentar over ni år, for å få eit bilete av heile studieforløpet deira. Analysen omfattar studentar under 25 år som fekk støtte frå Lånekassen til fulltidsutdanning ved universitet og høgskule første gong hausten 2014. Totalt 24 000 studentar er omfatta.
– Analysen viser at «standardstudenten», han eller ho som tar studiepoeng tilsvarande fulltid og som studerer i tre eller fem år, ikkje er så typisk som mange trur. Vi ser at det er store variasjonar i studieforløpet til studentane – det er forskjellar i kor lenge dei studerer, kor mange studiepoeng dei tar og korleis framdrifta er undervegs, seier Majken Thorsager, seniorrådgivar i Lånekassen, som har gjennomført analysen.
Analysen omfattar to grupper studentar, der den eine har hatt fulltidsstøtte frå Lånekassen alle åra dei tok studiepoeng, medan den andre har hatt fulltidsstøtte, men også tatt studiepoeng i periodar utan studielån. Fordi analysen skal belyse studieforløpet til studentar som er venta å studere på fulltid, er studentar som har mottatt foreldre- eller sjukestipend, ikkje del av analysen. Studentar som studerer i utlandet, er heller ikkje med. Studentane vart gruppert etter utdanningsnivå: bachelor (har alle studiepoenga sine frå bachelor), bachelor og master (har studiepoeng frå både bachelor og master) og masterprogram (har studiepoeng frå masterprogram).
Stor variasjon i kor mange år dei studerer
Analysen viser at det er store forskjellar i kor mange år studentane studerer, og dermed også kor mange studiepoeng dei tar. Analysen ser ikkje på gjennomføring eller oppnådde gradar, sidan Lånekassen ikkje har data om det før frå 2019.
– Ein del studerer kortare tid og tar færre studiepoeng enn det som ville tilsvart ein bachelorgrad. Det er også ein del som studerer fleire år og tar fleire studiepoeng enn det som tilsvarer ein bachelor- eller mastergrad, seier Thorsager.
– Frå andre undersøkingar veit vi at nokre tar årsstudium eller ikkje har hatt intensjon om lengre studium, og at eit visst fråfall utan å oppnå ein grad, er vanleg. Det kan også vere nokre få som starta å studere før dei begynte å få støtte frå Lånekassen, slik at vi ikkje har oversikt over alle åra dei studerte. Det er også ein del som studerer fleire år og tar fleire studiepoeng enn det som tilsvarer ein grad. Det kan for eksempel vere fordi dei har begynt på fleire utdanningar, eller har tatt vidareutdanning etter avslutta grad.
Variasjonane i kor mange studiepoeng studentane tar og kor mange år dei studerer, er noko dagens utdanningssystem gir rom for.
– Noreg har eit fleksibelt utdannings- og studiestøttesystem. Ein kan få støtte frå Lånekassen til 480 studiepoeng, noko som tilsvarer åtte år på fulltid, og det er mogleg å ta årsstudium, byte studium eller fortsette å studere etter fullført grad. Utdanningssystemet og studiestøtteordningane våre mogleggjer mangfaldet og variasjonane i kor mange år studentar brukar på utdanninga sine. Det er mange måtar å bruke utdanningssystemet på, seier Thorsager.
Mange tar færre studiepoeng enn dei får støtte til
Analysen viser også at mange studentar tar færre studiepoeng enn dei har fått støtte til. Eitt års fulltidsstudium tilsvarer 60 studiepoeng, og studentar kan vere inntil 60 studiepoeng forseinka før dei må hente inn igjen forseinkinga for å få vidare støtte frå Lånekassen.
– Studentane vi har sett på, har fått støtte til fulltidsstudium i heile perioden dei har fått støtte. Likevel ser vi at det er mange som ikkje tar dei planlagde 60 studiepoenga per studieår medan dei får støtte til fulltidsstudium. Det gjeld for eksempel ein stor del av dei som sluttar etter eitt eller to studieår. Vi ser også at dei som studerer fleire år enn det som ville tilsvart ein bachelor- eller mastergrad, tok færre studiepoeng i gjennomsnitt per studieår, forklarer Thorsager.
Fakta: Lånekassens analyse om studieforløp
- Lånekassen har følgt ei gruppe studentar over ni år, for å undersøke studieforløpet deira. Analysen har omfatta studentar under 25 år som fekk studiestøtte til fulltidsutdanning ved universitet og høgskule første gong hausten 2014. Totalt 24 000 studentar er omfatta.
- Analysen viser at det varierer kor lenge studentane studerte. Nokre studerte eitt år, medan andre studerte i ni år. I gruppa som hadde fulltidsstøtte heile studietida, var det blant studentane som begynte på bachelornivå, vanlegast å ha tre eller fire studieår (gjaldt 30 og 15 prosent), eller fem-seks studieår på bachelor- og masternivå (15 og 11 prosent). I gruppa som også hadde periodar med studiepoeng utan å få støtte frå Lånekassen, var det vanleg med litt fleire studieår, slik at størsteparten hadde fleire studieår enn det som ville krevjast for å oppnå ein grad på fulltid. Det er også store forskjellar i kor mange studiepoeng studentane tok totalt – det avheng delvis av kor mange år dei studerte.
- Størsteparten av studentane tok alle studieåra utan pause. Ein femtedel av studentane som starta på bachelornivå, hadde pauseår, og blant dei som begynte på masterprogram, var andelen 4 prosent. Dei fleste hadde pause i eitt eller to år.
- Framdrifta år for år varierer mellom studentar med ulikt utdanningsnivå og antal studieår. Nokre fellestrekk var at gjennomsnittet for fleire grupper var litt lågare det første studieåret, deretter auka og eventuelt vart mindre igjen mot slutten. Blant gruppene med fleire studieår enn det som tilsvarer ein grad på normert tid, var gjennomsnittet lågare alle åra.
- Blant studentane som ikkje følgde normert tid, var det ein stor del som tok færre studiepoeng enn dei fekk støtte til tidleg i studieforløpet. Få av dei klarte å hente seg inn igjen. Ein del fekk i heile forløpet støtte til fleire studiepoeng enn dei tok.
- Studentane som også hadde studiepoeng i periodar utan støtte, hadde oftast eitt eller to studieår utan støtte, og tok då studiepoeng tilsvarande eitt eller to semesterfulltid. Størsteparten hadde periode utan støtte etter dei hadde fått støtte siste gong, og dei tok færre studiepoeng i periodar utan støtte.
Her er rapportane:
Analyse av studieforløp og oppnådde studiepoeng - notat I (pdf)
Analyse av studieforløp og oppnådde studiepoeng - notat II (pdf)