Behandlingstid for ulike sakstypar
Dersom søknaden kan vurderast av ein datamaskin, får du normalt svar på søknaden innan to dagar.
Dersom søknaden må bli behandla av en saksbehandlar må du rekne med fleire vekers ventetid. Vi jobbar så raskt vi kan, og gjer det vi kan for at du skal få svar så fort som mogleg.
Type søknad eller spørsmål | Behandlingstid |
---|---|
Søknader om lån og stipend for elevar og studentar i Noreg | Inntil 7 veker |
Søknader om lån og stipend for studentar i utlandet | Inntil 5 veker |
Søknader om tilleggsstipend ved nedsett funksjonsevne | Inntil 8 veker |
Søknader om foreldrestipend | Inntil 12 veker |
Søknader om sjukestipend | Inntil 16 veker |
Nye opplysningar til ein søknad som er ferdig behandlet | Inntil 20 uker |
Klager | Inntil 12 veker |
Svar på årleg kontroll av utdanning i utlandet | Inntil 5 veker |
Har du ein klage som skal avgjerast i klagenemnda? Les om klagemenda og sjå oversikt over møtedatoar hausten 2025.
Svartid på e-post frå Dine sider: Cirka 20 dagar
Mange sender oss e-post frå Dine sider og derfor tar det dessverre noko lenger tid før du får svar frå oss enn til vanleg. Kundesenteret vårt svarer på e-postar innan cirka 20 dagar.
Nokre e-postar får lengre svartid
I nokre tilfelle må saka bli vurdert av ein saksbehandlar, og då er svartida på e-post lengre enn 20 dagar.
Logg inn for å sjå når du kan forvente svar
På Dine sider står det når du kan forvente å få svar på søknaden din. Det kan likevel ta lenger tid enn den datoen du ser på Dine sider, særleg om sommaren og hausten når det er mange som søker om lån og stipend.