Kommunar med sentralitet 5 og 6
Den nye ordninga skal gjelde kommunar som har 5 og 6 på sentralitetsindeksen som Statistisk sentralbyrå lagar.
Gjeld kan slettast når du har oppfylt vilkåra i 12 samanhengande månader (eitt oppteningsår).
Kundar som både bur og arbeider i Finnmark eller Nord-Troms, kan framleis søke om sletting av gjeld etter den eksisterande ordninga for denne regionen (innsatssona), uavhengig av kommunene sin sentralitet.
Når blir det bestemt korleis ordninga blir?
Det vil ta noko tid før det blir endeleg avklart korleis ordninga blir. Kunnskapsdepartementet fastsett forskrifter for ordninga. Så snart dette skjer, vil vi informere om vilkåra.
Når kan du søke om sletting?
For at vi skal kunne opne for søknadar, må reglane (forskriften) for ordninga vere fastsett. Følg med på denne sida, så får du vite når søknaden opnar.
