Når studielånet er oppsagt
Kva betyr det at lånet er oppsagt?
Når lånet er oppsagt overtar Statens innkrevjingssentral (SI) arbeidet med å krevje inn pengane. Det kan samanliknast med at ei rekning blir sendt til eit inkassoselskap som krev inn betaling på vegne av den du skuldar pengar.
Når lånet er oppsagt, blir det lagt til forseinkingsrenter på heile gjelda di. Du bør vere klar over at ubetalt (forfalle) beløp aukar veldig raskt fordi forseinkingsrentene blir lagt til det ubetalte beløpet, saman med terminbeløpa du skulle ha betalt.
Dersom lånet blir oppsagt og overført til SI, risikerer du at lånet blir tvangsinnkravd.
Kva er tvangsinnkrevjing?
Tvangsinnkrevjing er at staten krev inn pengane du skuldar når du ikkje kan eller vil betale. Tvangsinnkrevjing kan blant anna føre til at det blir trekt ein månadleg sum direkte frå lønna eller trygda di, at det blir tatt pant i eigedelane dine. Du kan og betalingsmerknader som gir deg problem med å få lån andre stader.
Andre konsekvensar av oppsagt lån
Ein søknad om lån og stipend vil ikkje bli godkjent, dersom lånet ditt er oppsagt. For å få lån og stipend til ny utdanning må du vere a jour med betalinga av studielånet ditt.
Lånet kan også bli det vi kallar for permanent oppsagt. Lånet kan bli permanent oppsagt om du ikkje betaler noko og heller ikkje søker om betalingsletter på tre år. Er lånet permanent oppsagt, mister du alle rettar hos Lånekassen, og du kan heller ikkje søke om betalingsutsetting eller andre betalingsletter.
Ta kontakt dersom du har fått brev om permanent overføring av gjelda.