Ekstra betalingsutsetjingar på grunn av koronasituasjonen

Sist oppdatert: 03.06.2020
Alle som har lån i Lånekassen kan til vanleg utsetje betaling 36 gongar, utan å måtte oppgi ei årsak. No kan alle få ekstra betalingsutsetjingar på lånet, i tillegg til dei 36.

Alle kan søke om å utsetje betaling av rekninga

Du søker om betalingsutsetjing på Dine sider, og du treng ikkje å grunngi kvifor du søkjer, eller å sende inn dokumentasjon.

Dette gjeld også om du har brukt opp dei 36 betalingsutsejingane dine, eller om du har fått avslag på ein søknad om betalingsutsetjing fordi du allereie har brukt opp dei 36 betalingsutsejingane dine.

Kundar med oppsagt lån kan også få betalingsutsetjingar. Les meir om oppsagte lån her.

Gjeld rekningane i perioden mars til desember 2020

Dei ekstra utsetjingane gjeld for rekningane i perioden mars til desember 2020. Dersom du allereie har betalt rekningane for mars, april og mai, gjeld ekstra utsetjing for forfalla frå juni til desember 2020.

Du bruker ikkje av dei 36 vanlege betalingsutsetjingane i perioden mars til desember 2020

Dersom du søker om utsetjing for nokon av forfalla i perioden mars 2020 til desember 2020, vil desse ekstra utsetjingane også gjelde for deg – og du «et» ikkje av dei 36 utsetjingane dine ved å søke. 

Les meir om dei ekstra betalingsutsetjingane