Søknad om stipend og lån til utveksling utanfor Norden

Dette søker du om

I søknaden søker du om basislån, reisestøtte og eventuelt skolepengestøtte. Du kan velje å søke om stipend, og då får du berre stipenddelen av skolepengestøtta og reisestøtta, samt den delen av basislånet som kan bli gjort om til stipend

Søknaden gjeld også for andre stipend og lån som berre nokre har krav på. Dette er barnestipend, tilleggslån, språkstipend og flyktningstipend.

Det er eigne søknader for foreldrestipend og for tilleggsstipend ved nedsett funksjonsevne.

Dokumentasjon

Som regel hentar vi automatisk inn stadfesting på at utvekslingsopphaldet ditt er førehandsgodkjend. I somme tilfelle må du likevel sende inn dokumentasjon.

Skal du betale skolepengar til den utanlandske lærestaden, må du leggje ved dokumentasjon som viser kor mykje du skal betale.

Behandlingstid

Du får svar, eller beskjed om status for søknaden, innan 24 timar.

Søknaden er ikkje synleg på Dine sider med éin gong, men så lenge du har fått kvittering, har vi fått søknaden din. På Dine sider får du også informasjon om anslått behandlingstid for søknaden din.

Bur du heime i haustsemesteret på grunn av koronapandemien?

Alle elevar og studentar som har fått støtte som bortebuarar, men som måtte flytte heim til foreldra sine pga. koronapandemien, blir rekna som bortebuarar resten av våren 2020. Desse unntaksreglane blir vidareførte hausten 2020.

Dersom du skal studere i utlandet og ikkje kan opphalde deg på lærestaden ved studiestart på grunn av koronasituasjonen, skal du derfor likevel svare ja på følgande spørsmål i søknaden: «Skal du opphalde deg på studiestaden og følge undervisninga?».

Gå til søknaden