Dokumentasjon ved lengre språkkurs
Krav til dokumentasjon når du søker
Stadfesting på opptak
Skolepengar
Dersom du skal betale skolepengar, må du sende stadfesting frå skolen som viser kor mykje du skal betale. Dersom du får støtte frå andre for å dekke skolepengar, må du gi oss beskjed om det.
Generell studiekompetanse
Kva for eksamen
Dersom du skal ta eit lengre språkkurs på ein språksole, må du sende oss informasjon om kva språkeksamen du skal avslutte kurset med. Dersom du skal ta språkkurset ved eit universitet, treng du ikkje sende informasjon om kva språkeksamen du skal ta.
Krav til dokumentasjon etter at kurset er ferdig
Kopi av kursbevis og bestått eksamen
Kursbeviset må vise at du har fullført kurset. Dersom du har tatt kurset ved ein språkskole, må du og sende dokumentasjon som viser at du har bestått ein offisiell språkeksamen. Denne språkeksamenen må gi grunnlag for opptak til høgare utdanning i det aktuelle landet. Dette er ikkje nødvendig når du har tatt språkkurs ved eit universitet.
Skolepengar
Du må dokumentere opptak til ny utdanning
For at 40 prosent av lånet du har fått til kurset skal bli gjort om til stipend (omgjering), må du begynne på ei universitets- eller høgskoleutdanning i det landet du tok språkkurset innan eitt år etter du blei ferdig med kurset.
Dersom du søkjer om lån og stipend til utdanninga du tek etter språkkurset, vil vi automatisk sjekke om du har rett til omgjering for perioden du tok språkkurs. Dersom du tek ei utdanning i utlandet utan å søkje om lån eller stipend frå Lånekassen, må du hugse på å sende dokumentasjon på at du starta i ei godkjent utdanning, slik at du får gjord om 40 prosent av lånet til stipend.