Varig opphaldsrett i Noreg
Dokumentasjonskrav
Har du varig opphaldsbevis/opphaldskort, må du sende inn kopi av dette. Registreringsbevis for EØS-borgarar er ikkje det same som varig opphaldsbevis/opphaldskort.
Er du EØS-borgar og ikkje har varig opphaldsbevis, må du sende inn dokumentasjon som viser at du har hatt samanhengande lovleg opphald i Noreg i fem år. Det vil seie dokumentasjon som viser at du har vore arbeidstakar, sjølvstendig næringsdrivande, tenesteytar, student, eller har budd her med tilstrekkeleg midlar.
Er du EØS-borgar og søker om støtte på grunnlag av varig opphaldsrett som familiemedlem til EØS-borgar, må du sende inn dokumentasjon som viser at både du og EØS-borgaren du er i familie med, har hatt samanhengande lovleg opphald i Noreg i fem år.
Er du ikkje EØS-borgar og søker om støtte på grunnlag av varig opphaldsrett som familiemedlem til EØS-borgar, må du sende inn dokumentasjon som viser at
- EØS-borgaren du er i familie med har hatt samanhengande lovleg opphald i Noreg i fem år. Det vil seie dokumentasjon som viser at du har vore arbeidstakar, sjølvstendig næringsdrivande, tenesteytar, student, eller har budd her med tilstrekkeleg midlar.
- du har hatt lovleg opphald i den same perioden som EØS-borgaren, og at du har budd saman med EØS-borgaren i denne perioden.
Nordiske EØS-borgarar må også dokumentere at dei har varig opphald i Noreg etter desse reglene. Vi sjekkar i Folkeregisteret om du er registrert som busett i Noreg.