Søknad for flyktningar over 21 år

Gjeld deg som fyller 21 år eller meir i løpet av det kalenderåret skoleåret startar.

Du bruker den vanlege søknaden

Du bruker den same søknaden som studentar i høgare utdanning. Det er altså ikkje ein eigen søknad om lån og stipend til grunnskole.

Du bruker også denne søknaden om du skal søke om flyktningstipend.

Dokumentasjon dersom du er flyktning

Får du introduksjonsstønad i perioden du søker om støtte for?

Då må du sende inn kopi av vedtaket frå kommunen eller Nav som viser perioden du får introduksjonsstønad

Har du avslutta introduksjonsprogrammet?

Då må du sende inn stadfesting frå kommunen eller Nav som viser kva for dato du fullførte introduksjonsprogrammet.

Behandlingstid

Du får svar, eller beskjed om status for søknaden, innan 24 timar.

Søknaden er ikkje synleg på Dine sider med éin gong, men så lenge du har fått kvittering, har vi fått søknaden din. På Dine sider får du også informasjon om anslått behandlingstid for søknaden din.

Søk om lån og stipend så fort du har studieplass

No kan du søke om lån og stipend for 2024–2025.

Siste frist for å søke er:

  • 15. november 2024 dersom du søker for hausten 2024
    15. mars 2024 dersom du søker for våren 2025