Eg jobbar og har inntekt
Dersom du tener meir enn 224 709 kroner i 2025, kan delar av stipendet bli til lån, som du må betale tilbake. Får du pengar frå Lånekassen i sju månader eller mindre i løpet av eit kalenderår er grensa 561 773 kroner.
Vi ser på inntekta heile året, sjølv om du berre får støtte frå Lånekassen delar av året.
Hugs at om du har søkt om lån i tillegg til stipend, må du uansett betale tilbake lånet.
Eksempel:
- Du får pengar frå Lånekassen både våren og hausten 2025 (heile kalenderåret). Du jobbar, og tener 260 000 dette året. Dette er over grensa. Du får ikkje fullt stipend, men noko lån.
- Du får pengar frå Lånekassen berre hausten 2025 (halve kalenderåret). Du jobbar og tener 530 000 kroner dette året. Dette er under grensa, og du får fullt stipend.